Skitalentet Bjørnar Larsen frå Vindafjord som representerer Haugesund IL i løping, vann klassen 17-39 år på tida 37,19 minuttar. Han spurtslo tidlegare juniorverdsmeister Chris Jespersen frå Korlevoll med 2 sekund og henviste han dermed til tredjeplass i løpet.
Begge vart imidlertid klart slegen av 40 år gamle Jon Tvedt som flaug omkapp med hjorten i dei bratte Malmangerliane.

Kvinneklassen vart vunnen av Jorunn Øye frå Ny Von (Saudasjøen) på den gode tida 43,17 minuttar, ei tid som ville gitt henne tolvte plass blant dei 47 startane i konkurranseklassen - uansett klasse. Ein strålande prestasjon, som innbrakte henne 5000 blenkjande priskroner.

Nuten Opp vart elles arrangert for fyrste gong av friidrettsgruppa i RT (Rosendal Turnlag) og Rosendal FjellStreif. Arrangementet markerte avslutning får eit strålande Rosendal FjellStreif, og løpet hausta mange godord frå løparane. Mosjons/turklassen var og fyldig representert, og med ikkje registrerte deltakarar besøkte godt over 100 menneske Malmangernuten denne strålande dagen.
Arrangørane har hausta masse erfaringar, og responsen har vore så overveldande at både NutenOpp og Rosendal FjellStreif nok vil invitera til nytt samkome neste år.

Resultatliste Nuten opp 2006.


Forfattar:
Jostein Hatteberg
Rosendal FjellStreif
ePost: rosendal@fjellstreif.no
www.fjellstreif.no


Jon Tvedt på veg mot toppen



Ingen skal sei at det ikkje er bratt, stigninga er i snitt på 24%.



Ikkje alle hadde det like travelt og starta såleis i trimklassen.



Ole Vidar Monsen var beste lokale løpar.

Foto: Atle Helland