Flott bygd med flott arrangement
Hosanger er ei særs driftig bygd med m.a.  metallindustri og strikkeveksemda Norlænder. Eit aktivt tresko-museum er dei vel nokså åleine om. Bygda har  (1616 ? på wikipedia) innbyggarar. Siste stavinga av namnet - anger tyder fjord. Hose skal tyde lang, trang strømpe. Staden ligg også vakkert til ved fjorden nordvest på Osterøy i Hordaland. Den kvite trekyrkja frå 1796 ligg på ein liten haug heilt ved fjorden midt i bygda. Eit flott fotomotiv.

Holavatnet Rundt i sin 30. sesong
Fleire av dei som starta karusellen for 31 år sidan er framleis eldsjeler i prosjektet. Traseen er ei sterkt kupert løype på asfalt og skogssti, 3.2 km lang. Karusellen startar midt i april og går til midt i september. Etter løpet i byrjinga av juli er det opphald til onsdag 8. august. Då er det: "På`an igjen", som Jan Eggum syng.

Laban Siro sette årsbeste i 12. løp - men rekorden klarte han ikkje
Øystein Engum Andersen har løyperekorden for menn på 9.28 (2005), tett fulgt av  Bjarte Vik (Osterøy IL) fire sekund bak. Laban sa ingenting utad, men han ville prøva seg på løyperekorden. Ei god tid 10.05, men det viser berre at løyperekorden er uhyre sterk. Hilde Aasheim har rekorden for damer på sterke 11.07 (2010).

17 løparar og 56 turgåarar
Ein del arrangørar ville vore strålande nøgde med slike tal i ein løpskarusell, men det var faktisk det lågaste talet i år - sannsynlegvis grunna ferietid. 230 deltakarar er det største deltakartalet i 2012. Utruleg! Rama rundt løpet er enkel, men ein super atmosfære gjer at folk kjem att. God resultatservice, kafé med bord og benkar med sal av vaflar, te, kaffi, brus og is. Og så trekking av premiar på startnummer. Kondis sin representant kan anbefala Holavatnet Rundt på det varmaste både til turgåarar og løparar.

...og 26. oktober "Kossdalsvingane Opp". Spektakulært!


Laban Siro, IF Klypetussen med årsbeste i Holavatnet Rundt. Foto: arrangøren Mjøsdalen IL


Mjøsdalen IL kan gleda seg over at fleire unge byrjar å delta i konkurranseklassen. Foto: Arrangøren

Holavatnet Rundt - løp 12 - 7 juli 2012 - resultat konkurranseklasse
Totalt 102 deltakarar
       
NAMN Antall ganger 12. løp 4. juli   Årsbeste
SIRO LABAN 1,00 10,05   10,05
HANSTVEIT ØYSTEIN 12,00 11,23   11,23
BERNES OVE 6,00 11,37   11,37
DYRKOLBOTN ROY 2,00 12,13   12,13
HANSTVEDT JAN ROALD 8,00 12,30   12,30
HANNISDAL TORE 9,00 12,39   12,39
ØVSTHUS AKSEL 11,00 12,54   12,54
GJERSTAD RUNE 7,00 13,14   13,14
BIRKELAND HANS KRISTIAN 6,00 13,59   13,51
SÆTRE KRISTIAN 1,00 14,09   14,09
NORDÅS RANDI 10,00 15,01   14,18
HJELLVIK PETTER DAHL 1,00 16,08   16,08
SELLEVOLD GISLE 2,00 16,54   16,54
NORDLAND CAMILLA 1,00 20,22   20,22
DYRKOLBOTN KRISTER 1,00 20,24   20,24
LONE SVIDAL AMALIE 8,00 20,32   20,32
DYRKOLBOTN SARA NATAHLIE 1,00 20,45   20,45