Traseen til Klondyke er i utgangspunktet stupbratt og det våte veret i dagane før løpet hadde gjort løypa både blaut og sleip. Dette prega tidene til deltakarane og dei fleste sprang seinare enn tidlegare år.

May Britt Buer, Gular, fekk revansje for det knepne tapet i fjorårets utgåve og vant dameklassen føre Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb. May Britt sprang eit knallgodt løp og kom i mål på 45:11. Under dei rådande forhold er dette ei særs sterk tid. Ho fekk tidleg ei god luke på Therese og heldt denne heile løpet. Therese, som har løyperekorden på 44:33, måtte i år ta til takke med andreplass og med tida 48:20 var ho nesten fire minutt etter si bestenotering til Klondyke. Tredjeplass fekk Tove Andersen, Rustad IL, med tida 50:06.

I herreklassen vart det, som venta, siger til Stian Angermund-Vik, Varegg IL. Han har vore beste motbakkeløparen i Noreg i år og er i tillegg regjerande verdsmeister nettopp i øvinga Vertikal kilometer. Han fekk tidleg ei luke på konkurrentane og kontrollerte inn til tida 37:14. Dette er nesten to minuttar seinare enn løyperekorden til Thorbjørn T. Ludvigsen, sett i fjor. Totalvinnar av Noregscupen i motbakkeløp, Erling Hisdal frå Tjalve IL, tok ein klar andreplass med tida 40:18. Dette var fyrste gong Erling sprang til Klondyke og i so måte må ein sei det var ei imponerande tid. Tredjeplass gjekk til Ketil Monssen, Bergen Løpeklubb, som heile vegen kniva med Kristen Skjeldal, Bulken IL, om den siste pallplassen. I mål var Kjetil åtte sekund føre Kristen, på tida 41:36. Kristen vart for øvrig soleklar vinnar av superveteranklassen.

Beste juniorløpar i dameklassen vart Guro Skjeldal, Bulken IL, på 56:17 medan beste junior blant herrane vart Bjørn H. Herfindal, Voss IL, på 47.02. Beste seniorløpar blant damene vart Marte Monrad-Hansen, Heming, på 51:17. Marte er merittert langrennsløpar med fleire NM-gull i medaljeskapet. Elise Orten vant superveteranklassen blant damene på den sterke tida 52:39. Old girls-vinnaren vart, ikkje overraskande, Anna M. Tråve, Lærdal IL, på tida 55:45. Beste veteranløpar i herreklassen var Jonny Kibsgaard, Gular, på tida 42:45 medan Ludvig Tennebekk vant Old boys-klassen på 54:57.

Merkekravet i herreklassen var i år 49:38 og 23 løparar vant merkebacon frå Vossakjøt. I kvinneklassen klarte 14 løparar å kome seg under merkekravet på 59:50. Begge merkekrava var høgare enn tidlegare.

Vêret førte til at færre deltakarar enn elles var freista av ein tur til Klondyke. I trimklassen var der få påmelde men i konkurranseklassen var det rekordpåmelding med 60 startande. Stemninga på premieutdelinga var som vanleg god med heimalaga betasuppe og flotte premiar til deltakarane.

Resultater 2016

Alle bilder tatt av arrangøren

May Britt.jpg
May Britt Buer, totalvinnar i dameklassen, dreg på to herreløparar, Helge Haugen (21) og Ole Vegard Lundestad (15).

Erling.jpg
Totalvinnar av Noregscupen i motbakkeløp, Erling Hisdal, hadde god kontroll på andreplassen.

Odd.jpg
Odd Hagen, Klondyke Opp sin trufaste trubadur, spelar til motbakkedans i løypa til Klondyke

Trimmarar.jpg
Tre blide trimmarar som ikkje let regnet sette ein dempar på humøret.

Crux.jpg
Løypa til Klondyke er mellom dei brattaste i landet

Kondisreportasje 2015 : To nye løyperekordar i Klondyke Opp Vertikal km Voss