Suten opp i Vik

IMG_0945-1

Løyperekord til Ludvigsen to dagar på rad

I dag var det den bratte Sutastigen i Vik i Sogn som var målet for Thorbjørn Thorsen Ludvigsen. Trass i at det var enkeltstart og han var nummer 16 i rekka, var han førstemann til toppen, og løyperekorden vart slegen med over eit minutt. Og dette skjer dagen etter at han har slått sin eigen løyperekord i Løvstakken opp.

Publisert Sist oppdatert
IMG_7445-1
Leif Bjørn Grindedal frå Feios vart nummer to og vann klasse 30-39 år.
IMG_7446-1
Lillian Nummedal Bryn, nummer to i klasse 15-17 år
IMG_7451-1
Helge Haugen, nummer to i klasse 30-39 år
IMG_7458-1
Små og store kosa seg på Skorge
IMG_7465-1
Jori Mørkve, skiskyttar frå Voss, sprang på 25.08.
IMG_7477-1
Arvid Brudevoll sprang på 20.42 og vann klassen 50-59 år.
IMG_7480-1
Stein Frode Tryti vart nummer tre i klasse 40-49 år
IMG_7498-1
Svein Hønsi (fremst) og Geir Ove Sva
IMG_7505-1
Sondre Grindedal frå Feios vann klasse 15-17 år på 23.05.
IMG_7523-1
Trond Sundby frå Balestrand var raskast i klasse 60-69 år.
IMG_0938-1
Thorbjørn Thorsen Ludvigsen i mål som førstemann, sjølv om det var enkeltstart. Dei yngste starta først.
IMG_0961-1
Åslaug Golf Kaardal likar godt å vera med i dei lokale løpa, sjølv om det ikkje er i motbakkane ho har sin styrke. I går var ho med på Storehaugen opp heime i Lærdal. For to veker sidan vann ho Bergen City Marathon.
IMG_0968-1
Denne tredjeklassen hadde best deltakarprosent, heile 59% av klassen gjekk opp Suten. Dette kvalifiserer til premie, som er pizza på den nye, fine badeplassen på Øyri, servert av Vik idrettslag.
IMG_0973-1
Dei tre beste damene, frå venstre nummer tre Anne Brekkhus, nummer to Ane Brekke og vinnaren Lina Rivedal.
IMG_0979-1
Dei tre beste mennene, frå venstre nummer to Leif Bjørn Grindedal, vinnar Thorbjørn Ludvigsen og nummer tre Joar Grov Turvoll.
IMG_0983-1
Frå venstre Anna Engan Åmot, Ane Brekke og Lillian Nummedal Bryn.
IMG_0986-1
Gutar klasse 15-17 år, frå venstre Ragnar Finden, Sondre Grindeldal og Eirik Markus Rinde.
IMG_0988-1
Marit Wold (til venstre) og Lina Rivedal vart hhv nummer to og ein i klasse 18-29 år.
IMG_0990-1
Klasse 18-29 år, frå venstre Lasse Virkesdal, Thorbjørn Ludvigsen og Joar Grov Turvoll
IMG_0996-1
Klasse 30-39 år: Frå venstre Jori Mørkve, Anne Bekkhus og Åslaug Golf Kaardal
IMG_0999-1
Helge Haugen og Leif Bjørn Grindedal, nummer 2 og 1 i klasse 40-49 år
IMG_1005-1
Stein Frode Tryti vart nummer tre og Jens Andreas Melheim nummer ein i klasse 40-49 år
IMG_1009-1
Britt Marit Stadheim var einaste dame i klasse 50-59 år. Her i lag med leiaren i Vik idrettslag Ragnhild Fjærestad.
IMG_1011-1
Vidar Fosse og Arvid Brudevoll, nummer to og ein i klasse 50-59 år
IMG_7390-1
Thorbjørn Ludvigsen på veg mot mål
IMG_7397-1
Lasse Virkesdal
IMG_7401-1
Tommy Haga
IMG_7406-1
Ane Brekke
IMG_7412-1
Asbjørn Wold
IMG_7416-1
Marit Wold
IMG_7419-1
Lina Rivedal
IMG_7422-1
Joar Grov Turvoll
IMG_7435-1
Mariann Drægni
023-1
Thorbjørn Ludvigsen mål på Skorge
IMG_7373-1
Luftig sekretariat og speakerbu
IMG_0945-1.jpg

16:28 vart rekordtida til Thorbjørn Ludvigsen i hans debut i det bratte løpet i Vik. Det var ei fin løype, meinte han, og ho passar godt som trening til dei internasjonale fjelløpa han skal vera med på seinare i sommar, bortsett frå at dei er mykje lengre. Han har trena mykje på ski i vinter, og så langt ser det ut til at dette har vore vellukka.

IMG_0955-1.jpg

Lina Rivedal, som er frå Vik og bur i Bergen, var raskast av damene med 23.52. Ho har tidlegare vunne Suten opp på 24.22.

i297537_1431690900634.png


Frå Øyri i Vik og til Skorge, 502 meter over havet, går det ein smal sti, til dels teknisk vanskeleg. Utsikta frå Sutastigen, for dei som har tid å nyta ho, er upåklageleg, sjølv om sjølve innkomsten ligg litt innpå platået.

Det var gode forhold i løypa denne dagen, nokså tørt og fint.

Dette løpet er det første i Vikjatrippelen som består av Suten opp, Mensen Ernst minneløp og Vidasete opp. Du finn meir detaljar om desse i Terminlista.

Beste resultat:

Menn:
1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen 16:28
2. Leif Bjørn Grindedal 19:12
3. Joar Grov Turvoll 20:09

Kvinner:
1. Lina Rivedal 23:52
2. Ane Brekke 24:04
3. Anne Brekkhus 24:51

Alle resultat på sidene til Vik IL

Powered by Labrador CMS