Dersom du har delteke i Birkebeiner-rennet på ski eller tilsvarande uthaldenheitskonkurranser, må du lese vidare!
Dersom du har delteke i Birkebeiner-rennet på ski eller tilsvarande uthaldenheitskonkurranser, må du lese vidare!

Birkebeiner III-studien søker kvinnelige deltakarar 

Birk-III studien i regi av Forskingsavdelinga på Bærum sjukehus er godt i gong, og søker no fleire kvinner. 

Publisert Sist oppdatert

Her er ein kort presentasjon av studien ved Bærum sjukehus: 

Målet med studien er å undersøke kjenneteikn og karakteristika i ei gruppe tidlegare deltakarar i Birkebeinerrennet (og liknande uthaldenheitskonkurranser), med særlig fokus på hjerte- og kar sjukdommar.  

Ein blir mellom anna undersøkt med ultralyd av hjertet, halsepulsårar, ekg, blodprøver, og ein vil også svare på eit spørreskjema om trening, livsstil og helse. Før ein kan inkluderast i studien må ein signere eit skriftleg samtykke til deltaking.  

Vil du hjelpe oss og drive kunnskapen om kvinnehelse og uthaldenheitsidrett framover?  

Bur du i 2,5 timars radius frå Bærum sjukehus? Har du har delteke i Birkebeinerrennet på ski eller liknande uthaldenheitskonkurranser (til dømes Skarverennet, Oslo Marathon, eller andre maraton- eller halvmaratonløp)? Er du fødd i tidsrommet 1979 til 1947? Er du nyskjerrig og vurderer delta? 

Gå inn på NEXAF.no (Birkebeiner III) og fyll ut kontaktskjema, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Powered by Labrador CMS