Rekordar i fleng i Sluseløpet. Morten Velde sette løyperekord
Hovudløpet samla 101 fullførande kvinner og menn. Heile 33 av dei var jenter.  

Morten Velde sette løyperekord for menn.Den nye rekorden er 14.24. Her var fjorårsvinnar og tidlegare løyperekordhaldar Stian Vestbø, også han frå Haugesund IL berre eitt sekund bak. Ølen Il har eit flott talent i Morten Gjendem. Han kom på tredjeplass føre både gode Thomas Finshus (4.pl.) og Halvard Hanevold (10. pl.).

Ingressbiletet: Maryna Novik, IF Klypetussen og Morten Velde, Haugesund IL sette begge løyperekordar i Sluseløpet. Foto: Kondis TRYKK PÅ BILETET FOR STØRRE UTGÅVE


Maryna Novik sette løyperekord - gledeleg come back av Miriam Berg Hovda
Maryna Novik, IF Klypetussen sletta sin eigen løyperekord etter ein tøff fight med Hanne Steinstø, Torvastad IL.

På tredjeplass fekk me eit gledeleg gjensyn med Miriam Berg Hovda, som har studert fem år i USA. Ho har ikkje konkurrert i løping på over eitt og eit halvt år. Ho byrja i Haugesund IL som seksåring, kunne ho fortelja Kondis. Etter tøft program på Augustana University i USA, gjekk ho lei av hardtrening med løping og prøvde seg på m.a. rugby som ho kanskje kan dra nytte av i reality-programmet "Norges tøffeste". Ho fortalte og at ho no hadde fått lyst til å trena meir løping igjen og konkurrera igjen. Gleda med å springa, skal i alle høve ligga i botn framover.

Fin løype, sa Halvard Hanevold
På spørsmål frå Kondis ga Hanevold ei fin skildring av løypa. Opp og ned med krevande bakkar. Fin trasé både for løparar og puklikum i og med at ein kom ned til start og fekk ei ny sløyfe på andre sida av slusa. Då slepp ein å løpa same runde omatt. Ei løype som passar godt for langrennsløparar. Elles må Kondis få føya til at Halvard Hanevold var ein særs omgjengeleg kar og eit scoop for arrangørane i Skjoldastraumen Bygdelag.

Morten Lilleskog tok poker-utfordringa og trente seg til god kondis
Kondis har i førehandsreportasje skrive om seks vener som i lystig pokerlag utfordra kvarandre til Sluseløpet. Halve laget "feiga ut", men dei tre som stod att er i mykje betre form no enn i desember. Slik sett gevinst på alle tre (dei andre tre får byrja treninga for 2014 no). Morten Lilleskog (opphaveleg frå Etne) trente seg ned til slutt-tida 20.20 på dei 4.5 tøffe kilometrane. Dette er veldig respektabelt. I tillegg vann han heile potten på fleire tusen kroner. Kondis gratulerer han og dei andre to som no er "i betre form til livet".

Tre raskaste:
Kvinner:
1. Maryna Novik,      IF Klypetussen     17.34   Rekord!
2. Hanne Steinstø,   Torvastad IL        17.44
3. Miriam Berg Hovda, privat             18.17


Menn:
1. Morten Velde,      Haugesund IL       14.24  Rekord!
2. Stian Vestbø,      Haugesund IL       14.25
3. Morten Gjendem  Ølen IL               15.22


Alle resultater

DSCN4820.JPG
Halvard Hanevold koste seg og fekk medalje her og. Ikkje akkurat OL-gull, men det har han jo fleire av frå før. Foto: Kondis

Ny_loeyperekord_for_Maryna_640x427.jpg
Maryna Novik spring over mål til løyperekord.                                Foto: Tysvær Bygdeblad/Alf-Einar Kvalavåg

Morten_Lilleskog_vinn_pokerutfordring_640x480.jpg
Morten Lilleskog tok utfordringa frå pokerkameratane. Trente seg til god kondis og vann innsats-potten. God investering på alle vis.                                   Foto: Kondis

DSCN4781_640x480_startfelt_barneloep.jpg
Over 100 born stilte på startstreken! Her var mange glade born, - og mange løpstalent.        Foto: Kondis

DSCN4799_640x480_hanevold_og_born.jpg
Halvard Hanevold tok OL-gull i skiskyting lenge før desse var fødde, og eit like etter etter dei var fødde; men dei har visst høyrt om han... Foto:Kondis

Velde_set_rekord_640x427.jpg
Morten Velde spring inn til ny løyperekord, like før klubbkamerat Stian Vestbø. Foto:Tysvær Bygdeblad/Alf-Einar Kvalavåg

Kondis_var_der.jpg
Kondis var her - også! 
                                                                                                           Foto:Kondis
Wigene_og_dotter.jpg
Susanne Wigene var til stades med mann og dotter, Otilie. Otilie var med i barneløpet. Susanne kvilte etter kanon
come back på 33.40 i Stavanger Maraton, 10 km!

DSCN4775_640x480_arrangørane_og_Hanevold.jpg
Arrangørane Eivind Tore Langelandsvik og Thomas Finshus på kvar side av Halvard Hanevold. Foto: Kondis