Nå gjelder det bare å møte opp på Husnes Stadion den 13. september og være med på folkelivet.

Slik finner du fram til Husnes Stadion (sakset fra nettsida til IL Trio):

 

Langvegsfarande har gjerne problem med å finne fram til Husnes og Trio sine idrettsanlegg. Det meste er å finne i og rundt Husnes idrettspark.
 

Det er fleire måtar å kome til Husnes.

 

1) Frå Odda gjennom Folgefonntunnellen eller frå Bergen over fergestrekket Gjermundshamn-Årsnes. Då følgjer ein skilting til Husnes, som ligg om lag 45 minutt køyring frå Årsnes. Etter å ha teke til høgre ved gamle Møbelringen, køyrer ein gjennom ei rundkøyring og til venstre i den neste, før ein køyrer langs vatnet (venstre side) forbi sentrum (høgre side), til ein kjem til Idrettsparken.

 

2) Via Stord over fergestrekket Skjersholmane-Ranavik. Då kjem ein no i land på Halsnøy og køyrer gjennom undersjøisk tunnell, som kjem opp mellom Sunde og Husnes. Då tek ein til venstre i rundkøyringa og har ein knapp km køyring derifrå før ein er framme.

(Frå Bergen kan ein ta denne ruta ved å ta ferge til Stord frå Halhjem på Os. Då er det ca 30 minutts køyring over Stord frå Sandvikvåg til Skjersholmane.)

(Frå Haugesund køyrer ein fergefritt til Stord gjennom Bømlafjordtunnellen.)

 

3) Frå Haugesund over fergestrekket Skånevik-Utåker. Då har ein knappe 20 minutt køyring frå Utåker kai. Her har ein to moglegheiter frå krysset på Reset, kvar sin veg rundt Opsangervatnet.