Ingen norske menn har klart å vinne Skåla Opp sidan 2007, då Jon Tvedt vann på tida 1:08:39.  Frå 2005, då Europameistar Florian Heinzle vann, har Skåla Opp vore eit internasjonalt toppløp som har samla verdas beste motbakkeløparar.  Løyperekorden er i dag på 1:07:06 og tilhøyrer Ahmet Arslan, Tyrkia (2012), som har seks EM-gull i Mountain Running (både motbakkeløp og opp-og-ned-løp). Arslan, som også vann Skåla Opp i 2011, deltek ikkje i år. Fotoet nedanfor av Arslan er frå 2012. Foto Christian Prestegård
 

640_Ahmet_2012_FotoChrP.jpg

Eg legg favorittstempelet på Angermund-Vik fordi han har dokumertert til gangs at han er i verdstoppen når det gjeld å springe bratte motbakkeløp ved å bli dobbel verdsmeistar i Skyrunning. For 17 dagar sidan vann han VM-gull i Skyrunning Vertikal i Dei spanske Pyreneane. Vertikal-løypene er bratte! Oftast over 30 % gjennomsnittleg stigning og høgdeskilnaden er alltid om lag 1000 m. Løypa Angermund-Vik blei meister i var 2.8 km lang med 1030 meter stigning! Dagen etter VM-gullet i Vertikal vann han også VM i Skyrunning Marathon 42 km.  Sjå reportasje frå VM på kondis.no

 

Seierspallen_640.jpgFoto frå seierspallen i VM i Skyrunning med dobbel verdsmeistar Stian Angermund-Vik (f. 1986). Foto Phillip Reiter.

Angermund-Vik er sjølv optimist før løpet på laurdag og stiller til start for å kjempe om sigeren. Når Stian pratar har han begge beina på jorda og er realist. Med så tøff konkurranse som det er i Skåla Opp må alt klaffe, og han er realist i forhold til løyperekorden til Arslan på 1:07:06. «den har jeg ikke mulighet til å klare»

I skrivande stund er løypa 100% snøfri og om det ikkje kjem snø som blir liggande løpsdagen trur eg at Angermund-Vik i alle fall har stor sjanse til å springe raskare enn 1:08:39.

Det skal i herre- og dameklassa kjempast om tilsaman kr 152.000 i pengepremiar + evt kr. 170.000 tot i rekordbonus ved løyperekord. Raskaste kvinne og mann får 35.000kr kvar og løyperekordbonus er kr. 85.000. Det er pengepremiar til dei 8 beste kvinner og menn) Sjå meir info på www.skaala.no

Dei tøffaste konkurrentane i herreklassa er:

640_red_JonathanWyatt_Lite.Foto_ChrPrestegaard.jpgJonathan Wyatt (f. 1972) New Zealand. Har vunne Skåla Opp 4 gonger. 2008 (1.08.42), 2010 (1.08.30), 2013 (1.09.39), 2014 (1.08.59). 7 VM-gull i Mountain Running. Har vunne alle greiner både Opp, Opp&Ned og Langsdistanse. Foto Christian Prestegård

 

640_AndrewDouglas2.jpgAndrew Douglas, Scotland (f 1986). Eg spurde Andrew om han kunne rangere sine 3 beste løp innan fjelløping. Då nemner han : 1.pl i verdcupløpet i Slovenia 2015, 6.pl i VM Mountain Running Up and Down i Wales i 2015 og årets 4. plass i EM Mountain Running Up and Down i Italia.

Francis.jpgFrancis Muigai Wangari (f 1990), Kenya, representerer run2gether. Wangari vart nr 2 Verdscup-motbakkeløpet Grintovec i Slovenia i Juli. I det siste verdscupløpet Schlickeralmlauf i Østerrike for 10 dagar sidan vart han nr 3. Den norske favoritten Angermund-Vik har æra for at Francis kjem til Skåla. Stian møtte Francis i fjor i Grossglockner Berglauf der Stian vann og Francis vart nr 3. Angermund-Vik anbefalte Francis å ta turen til Skåla Opp.

640_Schneider_FotoChrPrestegaard.jpgDavid Schneider, Sveits (f.1981) har topp-plasseringar internasjonalt både i orientering og fjelløping. I 2011 vann han verdcupen i fjelløping. Året før kom han til Noreg og vann Fanaråken Opp og vart nr 3 i Skåla Opp med 1:12:50. Foto er frå Skåla Opp i 2010.  I fjor vart David nr 2 i EM i motbakkeløp etter Johan Bugge. Foto Christian Prestegård

 

Stian løpebilde. Foto Salomon.jpgStian Øvergaard Aarvik, Gneist, som er berre 19år (f. 1997), kan trygt kallast ung og særs lovande. 17. juli imponerte han med å bli nr 2 i verdscupløpet Dolomites Skyrace i Italia. I fjor vart Stian Europameistar i motbakkeløp for junior og må i år reknast med i tetskiktet også i Skåla Opp. Foto Martina Valmassoi. Salomon

I dameklassa er det vanskeleg å utpeike ein klar favoritt, men vinnarane er nok ei av dei 4 fyrste damene som er presentert nedanfor:

640_Antonella.jpg.jpgAntonella Confortola Wyatt (f. 1975), Italia. Har vunne Skåla Opp 4 gonger  2009 (1.26.35), 2010 (1.23.19), 2011 (1.23.05) og 2015 (1.23.19).  Foto Christian Prestegård

640_Orgue.jpg.jpgLaura Orgue (f. 1986) Spania. Nr 1 i La Sportiva Skåla Opp 2014 på 2.22.07 og vart nr 2 i fjor på 1.24.45. Foto Christian Prestegård

 

Annie (2).jpgAnnie Bersagel (f. 1983) USA / Under Armour.  Annie vann sist helg Fanaråken Opp. Tidlegare i år har ho ma. også vunne Kvasshovden Opp og Molden Opp som var NM motbakkeløp 2016 (og slo NM-vinnaren Eli Anne Dvergsdal i dette løpet),  I 2013 vart ho Amerikansk meistar på maraton og i 2006 på halvmaraton. Annie har sprunge maraton på 2:28.29. Foto Christian Prestegård

 

640_EliAnne.Mål.jpg.jpg

Eli Anne Dvergsdal (f 1991) , IL Gular vart i fjor nr 2 i EM i motbakkeløp. I år vann ho sitt fyrste NM-gull i motbakkeløp og vart nr 9 i VM i Skyrunning Vertical. I forkant av Skåla Opp i fjor vart ho sjuk og måtte nøye seg med ein 6. plass i sin debut i det løpet. Foto Christian Prestegård

 

640 Anita_Mål.jpgAnita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL (f.1968): VM-gull langdistansefjelløp 2007. EM-gull motbakkeløp 2007. VM-Gull motbakkeløp lag 2008. 4 NM-gull motbakkeløp. Saman med Antonella Confortola er Anita mestvinnande dame i Skåla Opp med fire 1. plassar. Løyperekord Skåla Opp 1.20.06 (2008). I fjor vart då 47-år gamle Anita nr 3 på 1.27.56. Foto Christian Prestegård

640_MayBritt_FotoChrPrestegård.jpgMay Britt Buer, IL Gular (f.1977). 3 NM-gull motbakkeløp. 3 sigrar i Norgescupen i motbakkeløp . Tre 2. plassar i Skåla Opp. Bestetid Skåla Opp på 1.24.58 i 2013 som dette fotoet er henta frå. Foto Christian Prestegård.

640_Målred_Skålatårnet1848moh.FotoChrPrestegård (2).jpgDet høge målet Skålatårnet med mållinja på 1843moh. Etter å ha tilbakelagt 1814 høgdemeter i den 8,2km lange Skåla Opp-løypa frå Tjugen i Loen 29moh. Foto Christian Prestegård

La Sportiva Skåla 1848m rett opp som vart starta i 2002 har i år 15års-jubileum.  Sidan 2010 har løpet kvart år hatt mellom 1714 og 1935 deltakarar (rekord 2014).  Løpet vart fullteikna på 50min. i konkurranseklassane, medan det ikkje er deltakarbegrensing i trimklassa. I trimklassa er det også etterpåmelding ved start på Tjugen løpsdagen, men arrangøren ved løpsleiar Erik Brendefur oppmodar alle om å melde seg på via nettpåmeldinga før kl. 22:00 fredag 12. aug. For påmelding og meir info sjå www.skaala.no. Følg også med på facebooksida Skåla Opp.

Slik gjekk det i fjor: Sjå løpsreportasje på Kondis.no  og ei ekstra stor Bildereportasje