Åsmund Nesse og Helene Sæverud sikra seg sine fyrste napp i vandrepokalane. (Foto: Vidar Sæverud)
Åsmund Nesse og Helene Sæverud sikra seg sine fyrste napp i vandrepokalane. (Foto: Vidar Sæverud)

Storavatnet rundt i fint vårvær

Kristi himmelfartsdag vart det tradisjonsrike mosjonsløpet, Storavatnet rundt arrangert på Bømlo. Løpet har start og mål ved Bømlohallen.

Publisert Sist oppdatert

Vidar Sæverud har sendt oss rapport fra årets utgave av Storavatnet Rundt (6,5 kilometer i en kupert løype).

Tidlegare år har deltakinga vore mellom 100 og 300 personar, i løpet som snart kan feira 40-årsjubileum.

Arnfinn Folgerø har vore med heile 36 ganger. Løyperekorden har den ikkje ukjende hinderløperen Tom Erling Kårbø, frå tida han var medlem i Bremnes idrettslag i ungdomen på rett over 21 minutt. Grunna koronaregler var arrangementet i år svært redusert i storleik, men deltakarane gav utrykk for at det var veldig kjekt å få konkurere igjen.

storavatnet-02.jpg


Gaute Farestveit og Sjur Østensen i fint driv. (Foto: Privat)

Omlag 30 deltakarar stilte til start, av dei 21 i mosjonsklassen. Åsmund Nesse frå arrangørklubben Bremnes vann det 6,5 kilometer lange løpet på tida 23.28 føre sin yngre bror John Nesse. Til Kondis sin utsendte seier Åsmund at det var herleg med revansj mot lillebror, etter å ha tapt med knapp margin mot han under fjorårets virtuelle løp. Tredjeplassen gjekk til Magnus Isdal Stokka.

Resultater Mosjon Herrer (6,5 km)

Plass LøperTid
1 Åsmund Nesse23:28
2 John Norseth Nesse23:58
3 Magnus Isdal Stokka24:24
4 Bjørn Håvard Bjørkelund24:30
5 Eirik Nitter25:34
6 Johan Bjelland Håstø26:38
7 Viktor Østensen27:53
8 Raymond Gjerde28:03
9 Mats Rissmann-Bredesen28:28
10 Thomas Sæverud29:52
11 Lars Østensen31:28
12 Vidar Sæverud31:36
13 Gaute Farestveit34:25
14 Isak Farestveit34:57
15 Olav Farestveit34:58
16 Sjur Østensen36:49
17 Brage Farestveit37:52
18 Bjørn Kjetil Sørvik43:44

Dameklassen vart vunne av 17 åringen Helene Sæverud, ho fullførte løpet på tida 35.00. Helene var ikkje heilt nøgd med tida på løpet sitt, då ho var veldig tung i pusten. Likevel synes ho det var veldig kjekt å delta. Brit Mari Farestveit og Selma Sørvik følgde på dei neste plassane.

Resultater Mosjon Damer (6,5 km)

storavatnet-03.png
Plass LøperTid
1 Helene Sæverud35:00
2 Britt Mari Farestveit37:53
3 Selma E. Sørvik43:43
Hildur Sofie NesseDNF




Brit Mari og Brage Farestveit etter passering 3 kilometer på Sjøvoll. (Foto: Privat)

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS