De to beste damer og herrer: Frå venstre Tom Erling Kårbø, Ann Kristin Mosbron og vinnerne Ørjan Grønnevig og Elise Selvikvåg Molvik. (Foto: Einar Søndeland)
De to beste damer og herrer: Frå venstre Tom Erling Kårbø, Ann Kristin Mosbron og vinnerne Ørjan Grønnevig og Elise Selvikvåg Molvik. (Foto: Einar Søndeland)

Djupadalten: Ørjan Grønnevig løp feil, men vann likevel

Ørjan Grønnevig tok teten ut fra start og fekk ei bra leing, men ved neste passering i bunn ved start av "bakkespurten" etter drøye 4 km, var det Tom Erling Kårbø som leia med heile 13 sekunder. Ørjan hadde løpt feil. På toppen av bakken, ca. 1,5 km seinare, var dei 13 sekunda blitt til 6. Ørjan klarte å ta igjen Tom Erling og vann med 17 sekunder.

Publisert Sist oppdatert

Djupadalten klarte ver-testen
Sterk vind og vatn i bøttevis i Djupadalten laudag, men Haugesund IL klarte ver-testen med glans!

No fekk ein verkeleg full valuta for målgang inne i den flotte Deep Ocean Arena. Med Sigmund Hansen som glimrande speaker og intervjuar, mat og drikke i mengdevis i eit varmt lokale med direkte tilgang til garderobar. I andre etasje var det og kafé. Vel blåst, Haugesund IL!


Vind og regn og mange glade menneske
Afrodite´s Child med Demis Roussos i spissen hadde ein megahit på 70-talet med Rain and Tears.

I Djupadalten var det rain and vind and smile. At så mange fullførte Djupadalten i DET veret, er beint fram imponerande. Det var også musikkorps og bra med publikum langs løypa.

Deltakinga nærmar seg stadig toppåret
Auke i Minidalten, og stor auke - som me antyda på kondis.no i fjor - i den nye kortløypa Skeisdalten rundt Skeisvatnet. 3.7 km relativt flatt.

Deltakerutvikling for Djupadalten

20112012201320142015
9,3 km5466678759971017
6,8 eller 3,7 km177218256174199
Barneløp150175247179235
Sum87310601378 13501451

Veldig god atmosfære i Djupadalten
At atmosfære og langsiktig god atmosfære er viktig, har Haugesund IL av i dag fortstått. Oppsvinget av joggebølgen kjem ikkje plutseleg, og av seg sjølv. Det er mange faktorar. Som til dømes fokus på trening og helse. Men langsiktig PR, og det å skapa god atmosfære før, under og etter løpet, er veldig vesentlege faktorar. Ikkje minst for at folk skal koma att år etter år.

Med målgang og saft og bananar inne i ein varm Deep Ocean Arena/HIL-hallen, så får ein ei ekstra fin etter- løpet-oppleving. Alle borna fekk medalje, ballong og slikkepinn ved målpassering. Mange av borna vart og intervjua over høgtalar av den glimrande speakeren Sigmund Hansen.

Elise Selvikvåg Molvik og Ørjan Grønnevig raskast
Fjorårsvinnar og heimefavoritt Elisabeth Angell Bergh studerer i USA og var følgeleg ikkje med i år. Elise Selvikvåg Molvik som vann i år, var berre 29 sekund bak fjorårsresultatet. Kor mange av dei sekunda hadde tilhøva ansvar for, får me aldri svar på, men det kunne nok blitt close race.

Ørjan Grønnevig, vinnar i herreklassen i år, sprang feil og tapte kanskje 30 sekund på det. Han leda klart da han løp feil. Utan det hadde han kanskje vore på same tid som Urige Buta vann på i fjor. Så neste år kan det bli eir duell mellom dei to?


Resultater Djupadalten 9326 meter

Kvinner - de 10 beste

Pl.St.nr.NavnKlubbKlasseTidEtter
1942Selvikvåg Molvik EliseSpirit Stavanger FriidrettK20-2434:39
2477Mosbron Ann KristinSpirit Stavanger FriidrettK35-3936:0601:27
3421Novik MarynaIF KlypetussenK30-3436:3301:54
4872Austrheim EllinorHaugesund ILK17-1936:5102:12
5383Dommersnes Kristine LandeHaugesund ILK15-1637:2102:42
67Stensletten Marianne Reitan K25-2937:3202:53
7373Henriksen Vilde VågeHaugesund ILK15-1638:0503:26
8754Hovda TheaHaugesund TriathlonklubbK15-1638:4604:07
9471Mauritzen Anne Katrin BergSkjalg ILK17-1939:3804:59
10735Førre Anna SofieHaugesund Idrettslag K17-1940:1005:31

style="margin: 0px 0px 6px;">

Menn - de 10 beste

Pl.St.nr.NavnKlubbKlasseTidEtter
1973Grønnevig ØrjanSpirit Stavanger FriidrettM20-2429:18
2842Kårbø Tom ErlingStord IL M25-2929:3500:17
3344Stølsmark RagnarGTIM30-3430:1700:59
4462Gilje Nordås NarveSandnes ILM17-1930:1901:01
5714Hjellum Magnus SirnesGularM20-2430:3601:18
6892Skogland Birk NagellHaugesund Triathlonkl.M17-1930:4101:23
7750Tørsdal Ole MikalHaugesund ILM20-2430:5301:35
8495Lunde LarsStord IL M17-1931:0501:47
9890Øglænd HåvardSpirit Stavanger FriidrettM17-1931:0801:50
10748Vestbø StianHaugesund ILM30-3431:3202:14

style="margin: 0px 0px 6px;">


Skeisdalten ca. 3,7 km

Jenter - de fem beste

Pl.St.nr.NavnKlubbKlasseTidEtter
11698Berg Hovda MiriamHaugesund ILK25-2913:5800:00
21598Vik Lena SkaatanHaugesund ILK15-1614:0500:07
31627Lie Regine DalvaHaugesund ILK15-1614:0800:10
41692Lindgren VictoriaHaugesund ILK13-1415:4901:51
51587Falkeid Live M. NorderhusFalkeid FarmK11-1216:0002:02

style="margin: 0px 0px 6px;">

Gutter - de 5 beste

Pl.St.nr.NavnKlubbKlasseTidEtter
11659Rasmussen John-AtleHaugesund ILM17-1911:5900:00
21623Nedrehagen RobinSyril ilM15-1612:3400:35
31535Berge MatiasStegaberg ILM13-1412:4500:46
41607Vik Even SkaatanHaugesund ILM11-1214:0502:06
51576Hauge Stian M15-1614:3502:36

style="margin: 6px 0px;">

ALLE RESULTATER

Forhåndsomtale 2 i 2015
Forhåndsomtale 1 i 2015: Supertrening med Karl Johan Rasmussen til Djupadalten
Suksess for Djupadalten 2014- 1340 fullførande løparar!
Reportasje fra 2013: Susanne Wigene løp fort i Haugesund
Forhåndsomtale i 2012: Comeback for Urige Buta i Djupadalten
Stor reportasje i 2012: Urige Buta overbeviste i Djupadalten
Reportasje i 2011: Djupadalten på rett veg

1-DSCN0269.JPG


Spente og glade før 3.7 km rundt Skeisvatnet

1-DSCN0270.JPG


Klare til start i Skeisdalten - i trygge hender

1-DSCN0273.JPG

Større startfelt enn på mange, mange år. Særleg kortløypa Skeisdalten på 3.7 km auka.

1-DSCN0284.JPG

Nr 377 Oddvar Hausken med fenomenale 2.26 på maraton i ein alder av 47 år.
Deltek framleis ivrig på løp etter stygg skade for nokre år sidan

1-DSCN0286.JPG

Godt humør på Tony Liestøl (tidleg i løpet...) Om han var før eller etter Kondis sin fotograferande løpar i mål... kan sjekkast her: ALLE RESULTATER

1-DSCN0289.JPG


Desse to får stå som representantar for dei mange publikummarar som stilte seg opp og heia langs løypa

1-DSCN0254.JPG


Så glad er vi, så glad er vi, når ein har gjort ein god figur i Djupadalten 2015: Marte Dale

1-DSCN0255.JPG

Storebror Arvid Dale med lillebror Elvin

DSCN0240.JPG

Vel nøgde etter godt gjennomført Minidalten

DSCN0251.JPG

Glimrande speaker Sigmund Hansen intervjuar mange av borna. Denne guten svarte godt for seg

Powered by Labrador CMS