Løpet vart arrangert 29. mai. Løpet startar 5364 meter over havet!!! Og går i mål på 3446 moh. Netto unnabakke hjelper ikkje så mykje i så lite løpbart terreng. Men det er fyrst og fremst den tynne lufta som gjer det tøft. Lokale løparar som er van med tynn luft klarer seg rimeleg bra, mens utlendingane stort sett brukar to til tre ganger så lang tid som normalt på ein maraton. 

Her er resultata for dei norske:
Vera Nystad,          67 år   8.55.50
Turid Veggeland,      53 år  13.49.27
Oline Yksnøy,         70 år  16.00.02
Signy Henden Rustlie, 74 år  16.00.03

Tidene tilseier at dette er eit steinhardt løp i den tynne lufta. Vi siterer Vera: "Det er den tøffeste maratonen jeg har løpt". Dette seier vel ein del?

Bestetider:
Menn: Phurba Tamang, Nepal       3.41.31
Kvinner: Ang Futi Sherpa, Nepal  5.14.44

Beste utanlandske:
Menn: James Scott Donahue, USA   5.22.07
Kvinner: Tsering Palmo, India    6.25.33


Alle resultat

Desse norske jentene har sprunge maaaaaange maratonløp:
http://home.online.no/~iahaugen/maraton/50kvinnemaraton.html

 
Fra stein til stein i Mount Everest Marathon