Somme gonger vinn ein lett, andre gonger må ein sjå seg slått og ender på bakken. I VM 5 km gateløp vart Jakob Ingebrigtsen sølvgut på sin eigen 26-årsdag.

Jakobs brev: Vent ikkje på det perfekte

To veker før EM i friidrett starta, delte Jakob Ingebrigtsen følgjande melding i sosiale media: «Dersom du ventar på den perfekte førebuinga, perfekte forhold, perfekt timing, kjem du til å vente heile livet.»

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 6–2026.

Mannen som har vunni meir enn dei aller fleste, men som òg i møte med skadar har kjent på kroppen at dei heile kan vera over, skreiv vidare: 

«Alle som har sett meg springe opp gjennom åra, veit at det er konkurranse som driv meg. Eg er frisk, treninga har gått bra, og etter å ha diskutert med laget mitt, konkluderte vi med at det ikkje er nokon grunn til ikkje å springe. Finst det noko betre enn å returnere til EM der eg har så mange gylne minne? Eg stiller opp på 5000 m 10. august.»

Etter løpet fekk vi veta at langt frå alt hadde gått etter planen i oppkøyringa. Det var på ingen måte gitt at Jakob ville ta sitt sjuande strake gull i friidretts-EM.

Men han gav seg sjansen, akkurat som han gjorde under VM i fjor. Da måtte han reise heim med ein tiandeplass. I år var han igjen best.

Hadde han venta på den perfekte forma, ville han mista både tiande- og førsteplassen, og meir viktig – to lærerike og interessante opplevingar.

Ei idrettskarriere på toppnivå er kort. Tapte sjansar kjem ikkje tilbake.

Om artikkelforfatteren

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.

Livet er for dei fleste litt lengre, men òg her gjeld det å bruke dei sjansane og talenta vi har fått. Det var ikkje Jakob, men Jesus som oppmoda dei han var trenar for, om ikkje å grava ned sitt pund. Let vi vera å bruke det vi er gitt, er det stor fare for at det forvitrar.  

Så er det samstundes lurt å ikkje øydeleggje seg med å konkurrere om ein er skada eller sjuk. Det er òg mogleg å respektere Josh Kerr sitt val om å stå over EM. Han hadde brukt vekene i forkant til å setje verdsrekord og bli Samveldemeister på 1 mile. Truleg kunne han òg vunni 1500 meteren i EM ganske så greitt, men folk må få gjera ting på sin måte, og Josh er nok ikkje like genuint konkurranseglad som det Jakob er.

Vonleg vil få sjå dei begge springe på høgt nivå i mange år framover. Gjerne på same arena i både meisterskap og verdsrekordforsøk.

Det er berre dei som er med, som kan vinne.

Powered by Labrador CMS