Det vart eit vellykka arrangement i dag med ca 420 deltakarar til topps i Vetenløpet 2012. Av dei 71 konkurranseløparane imponerte May Britt Buer enormt med ei utruleg sterk tid på 31,49. Ei forbetring av Tuva Toftdahl sin rekord med 1 min og 40 sek. Det var kun vinnaren i herreklassa Tomas Bereket som var raskare til topps enn Buer. På dei neste plassane følgde Merete Weng og Therese Sjursen.

Tomas Bereket vann klart på tida 28.01, men meinte sjølv han hadde langt meir inne og satsar på å ta rekorden til John Sompol på 25,28 neste år. Nummer 2 vart Geir Øygard på 32,54 og nr 3 vart Ole Jonny Vallestad på 33,13.

På grunn av fleire andre kondisjonsarrangement i Sogn og Fjordane samme dag, vart det ein nedgang på deltakartalet i konkurranseklassa i år.

Neste år vert datoen for Vetenløpet laurdag 13.juli 2013.

Mvh Gisle Skjølberg, Vetenløpet 2012

heimeside


Premievinnarar - frå venstre Buer, Weng, Sjursen, Bereket, Øygard og Vallestad