På andreplass kom skiskyttar Hilde Fenne, Voss IL (18-22 år) med flotte 33.01 og solid personleg rekord og tredjeplassen gikk til Anita I. Lilleskare, Bergen Løpeklubb (35-39 år) med 35.19. 
 
Suverèn siger i herreklassen 
Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve, vann herreklassen med god margin, og kom i mål på flotte 25.55. Midtvegs i løpet låg Øyvind godt an til å matcha løyperekorden på 25.00 som Øystein Sylta sette i 2013, men med sola stikkande i nakken og utan nokon som pusta seg i nakken måtte Øyvind melda pass. Han konstaterte likevel at formen er god, og kom med mange positive tilbakemeldingar om løypa og ramma kring løpet. På andreplass kom Einar Trefall, Eksingedalen (18-22 år) med 28.12 og tett bak Espen Roll Karlsen, BFG Bergen (23-34 år) med 28.14.
 
Sterk løyprekord i klasse 13-14 år
Særleg imponerande var Trygve Brendehaug, Syril IL si tid i klasse 13-14. Han betra klasserekorden frå 34.05 til sterke 32.23, og viste stor framgang frå i fjor. Ny rekord vart det også på Kjell E. Mundal, Jølster IL som vann kl. 50-54 år med 31.23, Olav Terum, Aurland IL som var best i klasse 55-59 år med 33.41 og på Leif Molland, AKS 77 som vann 65-69 år med kjempegode 34.50. Alder er tydlegvis ingen hindring, han hadde sjølv den gamle rekorden på 35.30. 
 
I tillegg til May Britt Buer var det to andre jenter som sette rekordar i kvinneklassen. Det var skiskyttar Hilde Fenne, Voss IL med 33.01 i klasse 18-22 år og Bjørghild Holien, Lærdal IL i klasse 50-54 år med 46.34.

Fullstendig resultatliste

Takk til Olav Terum frå Aurland IL for flott oppsummering og bilete.


 
IMG_1453.JPG
Hovudfeltet ut frå start i idylliske Bakka i Nærøyfjorden

 

IMG_1449.JPG

Trygve Brendehaug i blå skjorte sett ny løyperekord i klasse 13-14 år med 32.23.

IMG_1518.JPG
Dei beste i dame- og herreklassen. Frå venstre Espen R. Karlsen, Einar Trefall, Øyvind S. Heiberg, Ania I. Lilleskare og May Britt Buer.

IMG_1473.JPG

Badeliv og moro etter retur til startområdet 
(Fotograf Kristiane S. Terum)

Fleire bilete finn du her!