Runar Gilberg (50) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpg– Vi vil ha med utøvere som har noe i VM å gjøre, og ikke fordi de har klart de internasjonale kravene. Derfor er de norske kravene strengere … Det er ikke umulig at de kommer til å bli ytterligere skjerpet neste år.

Det seier landslagssjef Ronny Nilsen til sporten.com i ein artikkel om maratonkrava til internasjonale meisterskap. 

Heldigvis for norske fotballspelarar uttaler ikkje Per Mathias Høgmo seg på liknande vis dersom det norske fotballandslaget skulle kvalifisere seg for VM: 

«Vi vil ha med utøvarar som har noko i VM å gjera, og ikkje fordi dei har klart dei internasjonale krava. Derfor har vi bestemt at vi sender det norske laget til VM berre dersom det er så bra at det kjem på førsteplass i kvalifiseringsgruppa. Greier ikkje laget det, vil det uansett ikkje ha noko i eit VM-sluttspel å gjera.»

Plass til mange
Det leiarane i Friidrettsforbundet ser ut til å gløyme, er at det er ein grunn til at dei internasjonale maratonkrava til VM er noko snillare enn på dei andre distansane: 

•    For det første er det plass til langt fleire utøvarar i eit felt som spring gatelangs enn det er på kortare distansar som går føre seg inne på ein trong stadion. 
•    Det internasjonale friidrettsforbundet vil òg at mange land skal vera representert i feltet. Set dei krava på for eksempel 2.10 og 2.24, vil det bli med utøvarar frå berre ei handfull land. 
•    Maratonløparane har òg langt færre sjansar til å kvalifisere seg enn løparar på kortare distansar. 100 m kan ein springe kvar veke heile sommaren slik at ein til slutt vil få fleire løp i perfekte forhold med fin medvind. På maraton har ein gjerne berre ein eller to sjansar til å kvale. Blir det 25 varmegrader, kuling i kasta eller magekrampe mot slutten, er det ikkje berre å springe eit nytt kvalifiseringsløp helga etterpå. 

Satsing i Sverige
I Sverige har dei gått motsett veg av Noreg. Tidlegare stramma dei inn dei internasjonale krava slik at knapt nokon klarte dei. Dei siste to-tre åra har svenskane byrja å ta ut dei som har klart det internasjonale kravet. Konsekvensen er at fleire satsar på maraton – for dei ser at dei med iherdig innsats kan komma til både EM og VM. David Nilsson er ein av dei. I eit intervju med Anders Szalkai på marathon.se fortel han at VM-kravet, som altså ikkje vart skjerpa, inspirerte: 

- Eg hadde ikkje tenkt å springe nokon maraton i år, men så ringde du på nyttårsaftan og fortalde om VM-kvalifiseringsgrensa på 2.18, og da vart tanken på å gjera eit forsøk tent. 

David Nilsson sprang på 2.17.19 i Rotterdam i vår. Seks svenske jenter har klart å springe under det internasjonale kravet på 2.44. Tre av dei vil bli tekne ut til VM. 

I Noreg har ingen så langt i år sprungi under 2.44. Kan hende fordi dei veit at dei uansett ikkje vil bli tekne ut til VM. Det særnorske kravet er 2.34 for damene og 2.14 for mennene. 

Nålauge
Godt mogleg finst det til dømes økonomiske grunnar til ikkje å sende utøvarar som verken har medalje- eller topp 20-sjanse til VM. Om det var grunnen, ville sikkert både utøvar og klubb funni seg i å betale ein eigendel. Men om ein vil stimulere løparane til å satse, så gjer ein ikkje det ved å gjera nålauget mindre enn det det allereie er. 

Uansett så ville meisterskapen bli fattig og keisam om berre dei 12 beste i kvar grein skulle få vera med. Ikkje berre for dei hardtarbeidande som vart haldne utanfor, men òg for publikum som gjerne vil ha nokon frå sitt eige land å heie på. 

Under maratonløpa i VM kjem eg til å heie på svenskane.