Marius Vedvik fekk gleda av å vinne både 10 og 5 kilometeren på heimebane i Førde Rundt.

Marius Vedviks treningsår: lokale løp og vegen mot nye mål

Sidan førre oppdateringa av «Mitt treningsår» har det skjedd relativt mykje både på trening og i løp. Sjølv om forma framleis har vore langt bak toppnivået frå gamle dagar, så har eg skapt nokre veldig gode minne med startnummer på brystet.

Publisert

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 7-2025

Marius Vedvik

Marius Vedvik

Alder: 33 år

Bustad: Førde

Klubb: Førde friidrett 

Yrke: Online treningsvegleiar og vikarlærar 

Trenar: Meg sjølv

Persar: 3.44,04, på 1500, 7.53,01 på 3000 m, 13.29,46 på 5000 m, 28.42,15 på 10 000 m og 1.04.14 på halvmaraton

Merittar: 10 individuelle NM-gull: 1 på 1500, 2 på 3000, 2 på 5000, 2 på halvmaraton, 2 i terrengløp kort løype og 1 på maraton, nordisk gull 10 000 m (2014), bronse nordisk terrengløp (2016), 14. plass EM 10 000 EM (2014), 15. plass EM innandørs 3000 (2017), 3 sigrar i Oslo Maraton (2016, 2018 og 2022), 5 sigrar i Holmenkollstafetten med Gular (2013, 2017, 2018, 2019 og 2022), 1 siger i Sentrumsløpet (2017)
(Foto: Arne Dag Myking)

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 7-2025

I slutten av august sprang eg to 3000-metrar på bane. Den første i eit veldig godt felt på Jessheim der eg klokka inn på 8.23, noko som var 30 sekund bak pers. Ambisjonen i forkant var rundt 8.15, så absolutt eit skuffande løp.

To dagar seinare sprang eg 8.20 solo på Førde stadion, så mykje tyder på at eg har meir inne på ein dag der alt klaffar. 8.20-løpet var blant mine aller beste gjennomførte løp ut frå form og føresetnadar, så eg var særs fornøgd med evna til å mobilisere sjølv i motgang. 

Nedtur i motbakken

Etter 3000-metrane vart fokus fort retta mot lokale løp som Førde Opp og Førde Rundt. Førde Opp har rundt 30 prosent stigning på det meste, så langt utanfor mi komfortsone, og det skulle vise seg å bli svært tungt. Her enda eg på tredjeplass i herreklassen, bak Halfdan Færø og Tor Naustdal Helgheim.

Karoline Kyte leverte igjen eit motbakkeløp av internasjonalt format og viste at ho er blant landets aller beste kvinnelege idrettsutøvarar, iallfall i kategorien lege og småbarnsmor.

Uansett korleis ein snur og vender på det, så var Førde Opp ein stor nedtur på heimebane for min del. Eg var godt over 2 minutt bak eigen pers i motbakkeløpet, men heldigvis skulle lukka snu i Førde Rundt. 

Gledeleg gateløp

Etter over 15 år som langdistanseløpar var det kjekt å oppleve eit relativt stort gateløp i Førde for første gong. Bedriftsidretten hadde gjort ein god jobb med arrangementet, og totalt var det godt over 400 deltakara på 5 km, 10 km og halvmaraton. 

For min egen del vart det ein veldig stor dag med siger både på 10 km og 5 km. På 10 km sprang eg relativt kontrollert på 31.45 med 7,0 i laktat. Kjensla var god, men som laktaten viste, så låg eg godt over terskel. Tidlegare har eg på det meste klart å måle opp mot 15 i laktat etter 10 km-konkurransar.

Etter milløpet hadde eg dryge 28 minutt til å gjere meg klar til 5 km der eg møtte vesentleg sterkare motstand. Halfdan Færø har i år vist god form med å vinne Førde Opp, Bekkjavatnet Opp og fleire andre løp på gode tider. Han har også levert bra på flate løp og kan vise til 29.46 som pers på 10 km frå 2020.

På 5-kilometren i Førde drog eg lett progressivt frå 3.06 til 3.03 per km dei første 4 kilometrane før eg klinka til med 2.51 på den siste kilometeren. Halfdan hang som ein klegg fram til dryge 4700 meter, men eg klarte heldigvis å få ei lita luke då eg rykka. Eg vann med 2 sekund og klokka inn på 15.08. Eg var både fornøgd og stolt over eigen innsats, men også svært imponert over kva Halfdan klarer å skrape saman av form som tobarnsfar og tannlege. Det viser at det er mogleg å komme i veldig god form med godt grunnlag og god treningsintelligens, sjølv om totalbelastninga er stor.

Frysningar

I mine over 15 år som langdistanseløpar har eg aldri fått så mykje frysningar undervegs i eit løp før som då eg passerte halvvegs på 10 km i Sentrum sør. Det vart eit minne for livet med veldig god stemning og mykje heiing frå publikum. Eg trur og håpar at Førde Rundt blir eit årleg arrangement som etter kvart kan få over 1000 deltakarar. Vi må smi mens jernet er varmt sidan løpebølgja er her og no.

Forma på Førde Rundt var relativt god, og tendensane på trening var jamt stigande inn mot dette løpet. Dessverre var eg litt for hissig på grauten etter Førde Rundt, og eg har ikkje hatt den formstigninga som eg hadde håpa på inn mot Hytteplanmila 18. oktober. For ofte har eg sprunge med 3-4 i laktat på intervalløktene i staden for 2 som hadde vore meir berekraftig.

Totalt sett i 2025 har eg sprunge over 140 km i veka i snitt, og då blir det viktig å ha kontroll på intensiteten for å få best mogleg utbytte. Eg satsar på å ta lærdom av denne feilen i tida framover. 

I skrivande stund måndag 13. oktober er det fem dagar til Hytteplanmila. Det er 15 dagar sidan eg sprang 3 km gateløp i Sande på 8.36, og øktene i etterkant har ikkje vore særleg imponerande med meg sjølv som målestokk. Terskelfarten på 1000-metrane er på rundt 3.05 per km og på 400-metrane rundt 71. På toppnivå har eg hatt ned mot 2.50 på 1000 m og 66 på 400 m. Gårsdagens økt seks dagar før Hytteplanmila var 20 x 400 m på 70,2 i snitt med 5,5 som sluttlaktat. Her tar eg ikkje noko sjølvkritikk på intensiteten sidan denne økta erstatta hardøkta som var tenkt dagen før. 8 km raskare enn 10 km-fart på korte drag seks dagar før løp har eg trua på som god formtoppingsøkt. 5,5 i laktat er også heilt fint på hardøkt og vil føre til relativt kort restitusjonstid.

Til samanlikning sprang eg 3 x 2000 m + 2 x 1000 m med 10 som sluttlaktat før NM 10 000 meter i år, noko som gav vesentleg lengre restitusjonstid.

Tida vil vise korleis denne justeringa slår ut i praksis. På 10 000-meteren i NM sprang eg på 30.31 og målsettinga på Hytteplanmila er å springe fortare enn det. Kanskje eit defensivt mål med tanke på at persen på 10 000 er 28.42, men av og til må ein berre stikke fingeren i jorda og innsjå realitetane per dags dato. Klarer eg å få ut like mykje av det eg hadde i kroppen som på 3000-meteren på Førde stadion i august, skal eg vere strålande fornøgd.

Vegen vidare

Hytteplanmila blir sannsynlegvis årets siste løp, og det blir nok relativt roleg på treningsfronten etter Hytteplanmila og fram til jul. Eg har fått ei fast stilling på grunnskule i Sunnfjord og vil prioritere litt annleis den siste delen av året. Det vil definitivt bli gjennomført trening, men meir lystbetont og med mindre mengde og kvalitet.

Fokus inn mot 2026-sesongen blir å levere gode stafettar for Førde friidrett og å springe ein bra 10 000 meter i NM i Trondheim. Elles blir det å finne motiverande løp og å sette løyperekordar på så mange løp som mogleg.

Dersom ein ser kynisk på tala, så er 2025-sesongen min svakaste tidsmessige sesong sidan 2011. 1.59 på 800, 4.02 på 1500, 8.20 på 3000, 14.48 på 5 km gateløp og 30.31 på 10 000 meter er veldig langt bak toppnivået som er skissert i faktaruta mi i Kondis. 

For første gong 

Samtidig har eg fått gjort veldig mykje som eg ikkje har gjort tidlegare:

✅️KM-gull i terrengløp i Sogn og Fjordane 

✅️Løyperekord på Bergen 3000 (8.24)

✅️Siger med Førde på Breimstafetten, noko som var Førde sin første siger i Breimstafetten sidan 1989

✅️Siger og løyperekord på Smili (10 km) i Sogndal(31.19)

✅️Siger på 5 km og 10 km i Førde Rundt 

✅️ Siger og løyperekord på Gaular 3000 (8.36)

✅️ Siger og løyperekord i Stølsløpet Fjærland 

✅️Min første individuelle NM-medalje for Førde og min 28. totalt – i NM 5 km gateløp. 

✅️Mi andre deltaking for Førde i Holmenkollstafetten og 2 minutt og 27 sekund betre tid for laget enn i 2024. Det er det eg er mest stolt av i 2025.

✅️Klubbrekord for Førde på 10 000 meter

Marius Øyre Vedvik leiar an framføre Halfdan-Emil Færø under Førde Rundt 5 km 2025

Som lesaren sikkert forstår, så har 2025-sesongen vore både givande og frustrerande på same tid. Eg er grådig av natur og ønsker å vinne mest mogleg. Når NM-gull og EM-deltaking ikkje er innan rekkevidde, jaktar eg på nye mål. Eg er stolt over å hatt ein karriere der eg har opplevd det meste: Frå EM-finale på 10 000 m til Stølsløpet i Fjærland. Frå A-heat på 5000 m i Belgia til Galdane rundt i Lærdal. Frå individuelle NM-gull i seks ulike øvingar til Askløpet. Frå siger i Oslo Maraton til Esefjorden Rundt. Frå siger i Sentrumsløpet til Hovlandsstølen Opp. Frå siger i Holmenkollstafetten til Breimstafetten. Frå siger i Bergen 3000 til Gaular 3000. Frå 13.29 på 5000 m til 6.20 på Trekktraseen opp. Frå 7.53 på 3000 meter til 14.02 på 5 km i Jølster. Frå norsk rekord på 3 km gateløp til Frikarusellen.

Eg kunne sikkert reist endå meir til utlandet, men eg føler det skal godt gjerast for min eigen del å overgå mine to topp 15-plasseringar frå EM. Dei einaste hårete måla eg har igjen, er å rykke opp til eliteklassen med Førde i Holmenkollstafetten og å springe under 1.04 på halvmaraton. 

Eg skriv garantert dei siste kapitla av seniorkarrieren min, men ser likevel framover mot nye mål og meir meistringsfølelse. Kanskje kroppen og hovudet har godt av ein liten pustepause i haust og i staden bruke meir tid på det normale livet. Punktum er uansett ikkje sett, og det blir spennande å sjå kva som er mogleg å få til i 2026 med endå eit år med erfaring på godt og vondt.

Trening er alltid meir givande med mål å jobbe mot, og mål kjem eg til å fortsette å jage i tida framover, sjølv om det blir på ein litt annan måte. I 2027 er eg forresten offisielt veteran. Eg har høyrt rykte om at dei deler ut medaljar der òg.

Men først: Hytteplanmila.

Powered by Labrador CMS