For begge dei to vinnarane var det første gongen dei deltok i karusellen på Eikanger. Begge to deltek aktivt i friidrett der dei stiller for AKS 77. Tarjei Styve Matre er frå Hjelmås og Karen Johanne Jøsendal frå Alversund.

Vinnartida til Tarjei Styve Matre var 7.18. Han var to sekund føre Morten Seliussen – ein annan debutant i karusellen. Jan Erik Helland kom på tredjeplass med 7.23 og Helge Færø vart nummer fire med 7.25. For veteranen Færø var det klar årsbeste.

Karen Johanne Jøsendal fekk tida 8.14. Ho slo Grethe Jørgensen med åtte sekund. Jørgensen, som har vunne sju av dei ti løpa denne sesongen, noterte dermed på ny personleg bestenotering. Med 8.22 betra ho bestetida si med fem sekund.

Tarjei Styve Matre noterte som 16-åring i fjor 1.34,45 på 600m og 2.09.99 på 800m. Jøsendal oppnådde i fjor mellom anna 28.21 på 200m og 2.25,63 på 800m. Det vert spennande å sjå kva desse to kan prestera når banesesongen opnar i mai.

Bortsett frå ein svak motvind frå eikangerbrua og nordover var det topp forhold under løpet laurdag. Det var då også ei rekkje løparar som sprang inn til bestetider for sesongen.

Heile 90 deltakarar stilte til start i avsluttingsløpet, langt fleire enn ved nokon av dei andre løpa denne sesongen. Ikkje sidan nyttårsløpet 2. januar 1999 med 101 startande, har det vore så mange deltakarar i eit karuselløp på Eikanger.

Sesongen vart avslutta med utdeling av medaljar til alle som har delteke i minst tre løp. Seks personar delteke i alle dei ti løpa: Grethe Jørgensen, Inge Leknes, Olai Nepstad, Grethe Titland, Åge Toft og Arvid Hauge.

Steinar Haukås og Sverre Solberg fekk premie for å ha passert 200 startar i karusellen. Begge står med 201 løp etter denne sesongen. Berre Terje Eidsnes med 212 startar har delteke fleire gonger.

Sverre Låstad fekk premie for 150 startar. Harald Marthinussen (76 startar) og Svein Fammestad vart premierte for 75 startar. Rune Eikanger (33 startar) og Bente E. Fyllingsnes (32 startar) fekk premie for å ha delteke 30 gonger.

Vinterkarusell 2011-12, 10. løp.

Eikanger 14. april 2012

Arr.: Eikanger IL

Delvis skya, solskin, ca. 3-4° C.

Berr veg, gode forhold.

 

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Tarjei Styve Matre               7.18
2. Morten Seliussen                 7.20
3. Jan Erik Helland                 7.23
4. Helge Færø                       7.25
5. Karl Vågstøl                     7.36
6. Anders Eidsnes                   7.54
7. Arve Sletten Hansen              8.00
8. Rolf  Vabø                       8.12
9. Idar Hopland                     8.15
10. Karen Johanne Jøsendal          8.11
11. Jan Kårbø                       8.19
12. Arvid Hauge                     8.21
13. Grethe Jørgensen                8.22
14. Gunnar A. Larssen               8.25
15. Ulrik Erlandsen                 8.28
16. Einar Skrede                    8.29
17. Andreas Kallestad               8.36
18. Harald Marthinussen             8.38
19. Gunnar Hauge                    8.52
20. Magne Jarle Myhr                9.00
21. Olai Nepstad                    9.13
22. Arve Larssen                    9.16
23. Jarle Sæbø                      9.26
24. Anita Sletten Hansen            9.29
25. Sigmund Nævdal                  9.29
26. Are Flekke                      9.30
27. Terje Eidsnes                   9.36
28. Sverre Solberg                  9.38
29. Andrea Thorsheim                9.45
30. Kristian Skrede                 9.48
31. Håkon Rongved                   9.57
32. Grethe Thorsheim               10.11
33. Johannes Slethaug              10.13
34. Håkon Heggertveit              10.30
35. Øyvind Kallestad               10.40
36. Stein Tore Viken               10.42
37. Aase Midtgaard Skrede          10.57
38. Magnus Elvik                   11.37
39. Eirik Skrede                   11.48
40. Marius Valdersnes              11.52
41. Kirsten Rongved                11.58
42. Linnea Thorsheim               12.58
43. John  Ulveseth                 13.50
44. Emma Sletten Hansen            14.29
45. William Sletten Hansen         14.44
46. Gerd Nævdal                    15.14
47. Tony Thorsen                   15.49

 

Utan tid:
Kirsten Eide, Kåre Eide, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Leiv Eidsnes, Hanne R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Andrine Eikanger, Linnea Eikanger, Cecilie Eikanger, Rune Eikanger, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Bente E. Fyllingsnes, Sandra Hagesæther, Stanley  Hauge, Brit Lillian Melseter Haukås, Steinar Haukås, Andreas Hofslundsengen, Svein Helge Hofslundsengen, Alf  Høyland, Amalie Kallestad, Vidar Kallestad, Inge Leknes, Sverre Låstad, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Malene Låstad Namdal, Emma Låstad Namdal, Sander Låstad Namdal, Idar Odland, Bente  Solstad, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Sidsel Styve, Grethe Titland, Åge  Toft, Laila Toft, Vanja Toft

I alt 90 deltakarar.

 

Neste løp: Truleg laurdag 13. oktober kl. 15.00.


Tarjei Styve Matre i tet og på veg mot første sigeren sin i karusellen på Eikanger. Morten Seliussen (nr. 80) vert nummer to og Jan Erik Helland (nr. 42) vert nummer tre etter å ha passert Helge Færø (nr. 28) i siste bakken inn mot mål.

 
Karen Johanne Jøsendal debuterte i karusellen med å verta raskast i kvinneklassen med tida 8.14.


Tarjei Styve Matre (startnr. 36) i teten ut frå start, saman med Morten Seliussen (80), Helge Færø (28), Jan Kårsbø (5) Jan Erik Helland (42), Karl Vågstøl (83) og Idar Hopland (43).

 
Karen Johanne Jøsendal fremst i denne gruppa, følgd av Jan Kårbø, Arvid Hauge, Grethe Jørgensen og Gunnar A. Larssen.

 
Ulrik Erlandsen (nr. 75) deltok for andre gong. Denne gongen sprang ungguten (f. 1999) på 8.28, heile 1 minutt og 15 sekund raskare enn i debuten. Her i spurtduell med Einar Skrede. Lenger bak kjem Andreas Kallestad (nr. 34) og Harald Marthinussen.

 
Premierte for mange startar. Frå venstre: Bente E. Fyllingsnes (32 startar), Harald Marthinussen (76), Steinar Haukås og Sverre Solberg begge 201 startar, og Sverre Låstad 150 startar.

Takk til arrangøren Eikanger IL for tekst og bilete.