STJERNESPEKKET LØP: Heidi Weng, Kasper Fosser, Petter Northug Jr. og Therese Johaug stilte alle til start under Bjørndalenmila i Simostranda.
TRENINGS- OG KONKURRANSEGLAD GJENG: Heidi Weng satsar langrenn, men spring ved sia av, Kasper Fosser er verdas beste o-løpar, men stiller gjerne i både terreng- og gateløp, Petter Northug er vorti førti, men er langt frå ferdig, og Therese Johaug er omtrent like ivrig som løpar som da ho satsa for fullt på ski.

Dei som ikkje legg opp

I gamle dagar var det gjerne slik at toppidrettsutøvarar la opp når dei var over toppen. Ja, i mange tilfelle før dei nådde toppen. No er det stadig fleire som held fram og ser verdien av eit livslangt idrettsliv.

Publisert
Kondiskommentaren

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 6–2026.

På papiret har Therese Johaug, Hans Christer Hollund og Ole Einar Bjørndalen lagt opp. Men i den verkelege verda trenar dei mykje og spissar forma inn mot utvalde konkurransar.

Eg kunne nemnd mange fleire, og i tillegg har vi dei som ikkje seier at dei har lagt opp, men berre held på. Petter Northug og Anne Margrethe Hausken Nordberg er gode døme på det.

Og for å vera meir presis: Det fanst toppidrettsutøvarar som heldt fram lenge etter toppen i «gamle dagar» òg. Bjørg Eva Jensen sykla, Oddvar Brå sprang og Anette Bøe spela ishockey.

Men trenden med å ikkje gå i dvale, ser ut til å ha forsterka seg.

Eit definisjonsspørsmål

Løpetrenaren til Therese Johaug, Sindre Buraas, svara slik da TV2 spurte han om Therese verkeleg hadde lagt opp, eller berre lagt opp sånn halvvegs:

– Det er en personlig definisjonssak. Noen vil hevde at de som satser, ikke satser, fordi de har en formening om hva det bør innebære, og noen vil påstå at de som selv ikke føler at de satser, gjør det. Det er subjektivt.

Om artikkelforfatteren

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.

Berre det at Johaug har skaffa seg ein personleg trenar etter at ho la opp som skiløpar, seier ein heil del. Det røper at idrettslivet i stor grad berre er flytta over til eit nytt felt. Ho har for lengst vist at ho kunne bli best i verda på langrennsski. Nå har ho lyst til å sjekke kor fort ho kan springe, og på kort tid har ho vist at svaret er «veldig fort».

Karlsson på taket av fjellet

Andre, som Heidi Weng og Frida Karlsson, fortel at dei har planar om å kombinere skisatsinga med å springe meir. Karlsson har lyst til å prøve seg på lange fjelløp, medan Weng gjerne skulle sett pers på fleire løpsdistansar. Så langt er 10 km-persen til Weng på 32.28.

Sjølv Jakob Ingebrigtsen fortel at han vil springe maraton når han blir gammal nok, enten det blir for å bryne seg mot dei beste i verda eller for å springe for opplevinga si skuld.

I Sentrumsløpet i Haugesund i vår stilte Susanne Wigene til start på 10 km og tok ein klar siger i klasse 45-49 år med 37.11. Sterkt av ei som er 48 år, og sjølv om ho var mesta 7 minutt bak persen ho sette da ho tok EM-sølv i 2012, såg idrettsgleda ut til å vera like stor som den gongen ho sprang for internasjonale medaljar.

Like langt som livet

Sjølv er eg mesta 20 minutt bak persen når eg stiller til start på ein 10 km, og årsaka er ikkje at eg har lagt opp. Det er eit ord eg aldri har brukt om eg sjølv. Eg spring både mindre og seinare enn for tre-fire tiår sia, men eg spring, og innimellom stiller eg til start i løp. For å vera med, for å sjå att gamle kjente og bli inspirert av alle nye.

Heldige er dei, tenkjer eg, som har eit idrettsliv som strekk seg omtrent like langt som livet. Som held fram fordi det er kjekt å ha mål å strekke seg mot, og som ikkje byrja med idrett først og fremst fordi dei skulle bli best i landet eller verda, men fordi det var noko som gjorde dei glade.

Så får kvar einskild velje kva for ord dei vil bruke om treninga si. Kva som er satsing og kva som ikkje er det, er som Sindre Buraas seier, eit definisjonsspørsmål. Sjølv har han funni stor glede i terrengultraspringing etter at han først la opp som baneløpar og så som syklist.

No dansar han av garde på stiane i skogen og på fjellet, og sjå ikkje bort frå at det er like kjekt som å springe 5000 m på 13.11,95.

Powered by Labrador CMS