Den andre utgaven av det lettare ekstreme ultraløpet Værstingen blei gjennomført 17.-18. august i regi av Hjartdal IL med Ole Johny Flatland i spissen for gjennomføringa. Det var 12 som stilte til start, derav 3 kvinner.

12_deltagere.jpg
12 deltagere på start. En fullførte Værstingen på 211 km (6000 høydemeter), tre klarte lightversjonen på 127 km. (Arrangørfoto)

Løpet starta klokka 10 med ett maraton rundt fjoset til Teleros samdrift, det vil si 247 rundar rundt og rundt. Det høres lettare psykidelisk ut, men var egentleg ein sosial og enkel del av løpet. Det var til og med 247 matstasjonar i den delen av løpet. 

Deretter var det ut i terrenget. Kartet over løypa fekk deltakerane ein time før start, fram til da var nemleg løypa hemmeleg. Det var lagt opp til enkel orientering, men sidan løpsretningen blir snudd for kvar runde i terrenget, samt at det naturleg nok blir mørkt, så var det likevel muleg å rote seg bort om ein ikkje var heilt "på". På kartet var det tegna inn postar som løperane måtte innom og ta med seg ei side i ei bok for å vise at dei hadde vore der. For kvar runde fekk dei eit nytt side nummer. Ein av postane var på ei bemanna hytte, slik at det gjekk å komme seg inn og varme seg og sette seg ned. Ellers var ein overlatt til seg sjølv, og måtte klare seg med det ein hadde med seg av mat og drikke.

FRa_terrenget_post6.jpg
Fra terrenget, post 6. (Arrangørfoto)

I år var det veldig mykje regn før løpet, og det var også ein del regn gjennom heile helga. Særleg fyrste runden i terrenget så var det meir eller mindre flom. Men når løpet heiter Værstingen, da er det ikkje værforbehold.... I år levde løpet verkeleg opp til navnet sitt. I tillegg til at ein var våt meir eller mindre heile tida, så var det glatt på dei tekniske stigane med mykje røtter og steinar. Heldigvis var det også ein del av løpet som gjekk på traktorvegar og grusvegar.

Det var veldig mange som sleit med "vondter", og særleg var det kne problem som var gjenganger.  

Skjessvatn.jpg
Kveldsstemning ved Skjessvatn. (Arrangørfoto)

Arrangørens hentegruppe fikk nok å gjere i år. For å få godkjent løp og få grå t-skjorte så måtte ein klare minst 3 maraton, og det var to kvinner og ein mann som klarte dette. Den einaste kvinna som ikkje klarte det, hadde nok også klart det om ho hadde fengi i seg meir drikke. Det endte dessverre med at ho svima av midt på tredje maraton, og vart difor teke ut av løpet.  Det var også ein kar som berre hadde att rundt ei mil på tredje maraton, da han måtte hentas på grunn av eit kne som låste seg.

I år så fekk Værstingen også sin fyrste deltaker i svart t-skjorte. Til tross for krevande forhold kom Dag Olav Tho gjennom alle fem maraton innanfor cut off-tidene, og viste at det absolutt var muleg å fullføre heile Værstingen.

Øystein_med_grå_trøye.jpg
I tillegg til jentene på toppbildet fullførte også Øystein Jack Næss tre runder og sikret seg grå trøye,. (Arrangørfoto)

Dag_O_Tho_Kari_Beate_Holm_Hovde (720x477).jpg
Dag Olav Tho, Kari Beate Hovde og Trine Haugeberg fullførte Værstingen "light" på 127 km i fjor. I år ble Dag Olav den første til å klare alle fem rundene og dermed sikre seg sort trøye som eneste løper hittill.  (Foto: Arrangøren)  2018: Ingen fullførte Værstingen, tre fullførte kortversjonen på 127 km

​De finn mykje info om løpet på nettsida til Værstingen

Se også omtale på Romerike Ultraløperklubbs nyhetsside: 
Øystein Jack Næss og Mariann Langås sikret seg grå trøye på Værstingen

Resultat: 
Dag O Tho, 5 maraton på 34.15 og sort skjorte.
Øystein Jack Næss, 3 maraton, 24.09 og grå skjorte.
Kari B Hovde, 3 maraton, 27.53 og grå skjorte.
Mariann Langås, 3 maraton, 27.53 og grå skjorte.
Resten fikk DNF. Det vil si at det var 8 stykker som klarte mindre enn 3 maraton.

20.000 kroner til et godt formål
​Også i år vil løpet gje bort halvparten av alt som kom inn frå sponsorar. Det blir gitt bort over 20.000 kr til en lokal innsamlingsaksjon for å hjelpe fattige barnefamilier, slik at ungane kan delta på ulike idretts- og kulturarrangement på lik linje med alle andre ungar. Takk til Izusu (Lauvstad bil), Felleskjøpet, Eik senteret i Hjartdal, Elektrotech, Skagerak energi, Telebygg, Tele trading, Spar i Sauland, Carlsen Fritzøe, Bratsberg Landbrukstjenester, Anton sport og Kart Fossøy, som gjorde det muleg og noko meir enn berre ein krevande egotrip.