Reisebrev frå Etiopia
Fakta/ bakgrunn for turen
KnarvikMila og Knarvik ungdomsskule har i fleire år samarbeidd med Great Ethiopian Run om eit hjelpeprosjekt – ” Utdanning for born og unge i Etiopia” – som Haile Gebrselassie står bak.
Pengane blir kanalisert vidare til Unicef og blir brukt til skular og barneheimar for foreldrelause born og unge.
I 2011 overleverte ” Team Knarvik” 500.000 birr eller ca. 170.000 norske kroner, som var største enkelt bidraget til prosjektet i 2011, medan dei var på besøk i Etiopia under det årlege Great Ethiopian Run i Addis Abeba søndag 27. november.
Her fortel Knarvikmilageneral Helge Brekke om store opplevingar i Etiopia:

Reiseføljet besto av to elevar, ein lærar og rektor frå Knarvik ungdomsskule og representantar frå KnarvikMila. I tillegg var Alemayehu Sitotow med som tolk og kjentmann og ordføraren i Lindås, Astrid Byrknes som representant for kommunen.

- Folk som gjekk fleire kilometer for å henta vatn og ved.
- Små born som tente pengar til livsopphaldet som skopussarar på gata.
- Ungar som gjekk i filler og utan sko.
- Skuleelevar som sprang barfot til skulen med bøkene under armen.
- Skuleelevar som gjekk på skule i dårlege og nedslitne klasserom.
- Elevar som ikkje fekk med mat heimanfrå – dei som hadde niste, delte med dei som ikkje hadde.
- Nyfødde born som var lagt på trappa til politistasjonen.
- glade og smilande
- takksame og viste stor glede for det dei fekk
vennlege og høflege
Men det som gjorde mest inntrykk på ein gamal rektor var iveren og gleda elevane viste for å få gå på skule og få læra sjøv om skuletilhøva var ” milevis” frå norsk skulestandard.
I klasserommet: Rektor ved Knarvik Ungdomsskole, Olaf Hella, (stående) og Marius Vågenes Villanger (th), elev ved ungdomsskolen i Knarvik, er på besøk hos en av skolene som får glede av pengene som er samlet inn i fellesskap av Knarvikmila og elevene på Knarvik Ungdomsskole.
Det første store inntrykket fekk me på flyplassen i Addis Abeba då me kom.Det møtte opp ein stor delegasjon frå arrangementskomiteen, fleire toppløparar, inkludert olympiameistrarar, løparar som hadde vore i Knarvik. Dei overrekte blomar, gav klemmar og smilte om kapp.
Av høgdepunkta – utan om besøk på barneheimar og skular – må nemnast:
- Pressekonferansen til Great Ethiopian Run. Den var storslått og viste kor stor og viktig løping og gode løparar er for Etiopia.
- Arrangementet i samband med overlevering av pengane til hjelpeprosjektet. Sidan ” Team Knarvik” var den største gjevaren, fekk me ekstra oppmerksemd og vart framheva. Ordføraren, Astrid Byrknes imponerte stort i si helsing til arrangøren, dei 300 gjestane og alle mediefolka (over 30 frå store delar av verda).

Imponerende syn: Et uendelig tog av løpere med røde t-skjorter, rundt 36.000 i tallet, løp Great Ethiopian Run.

Her er utsegner frå nokre av dei som var med til Addis Abeba:
Marius Villanger – skuleelev

Astrid Byrknes, ordførar I Lindås

- Det gjorde eit svært inntrykk å sjå alle dei menneska som var i naud, som brukte dagen til å prøve å overleva, sjå kontrastane mellom fattig og rik, tøft var det, men då få perspektivet at vi kan hjelpe nokre, det var viktig for meg å oppleve også i Etiopia.'

Det å ta del i eit løp med 36 000 deltakarar oppleves litt kaotisk, men dette vert overskygga av begeistringa med å få vera med. Det gjer inntrykk. Deltakinga får endå meir meining når vi, saman med The Great Ethiopian run får bidra med penger til tiltak som verkeleg treng å få støtte.
Besøket på heimen der nyfødte born, som var plukka opp frå gata eller levert inn av noko, samt alle dei flotte barna som ikkje hadde nokon eigen heim, vart på mange måtar for sterkt for fleire av oss. Men det er dette som er ein realitet, og det gir meining til at Knarvik Mila vil vera med å sjå litt utover eigen grenser.” (Bildet: fra kondis.no-arkiv)
Eventyrlig høyt nivå blant eliteløperne
Selv om de alle beste etiopiske løperne deltok, var de nest beste så gode at de ville vunnet de fleste løp rundt i Europa. Vinneren for menn, Musnet Geremew, løp på 28.37 i 2400 meters høyde. Selv om de er vant til å løpe i så stor høyde, så ville likevel tida bli mer enn ett minutt bedre i lavlandet. 34 løpere løp mila under 30 minutter. Det ble tatt tid på 385 løpere.
De beste resultatene:
Kvinner:
1. Abebech Afework (bildet) 32:59
2. Tiki Gelana 33:06
3. Atsede Habtamu 33:12
4. Hiwot Ayalew 33:22
5. Etenesh Diro 33:32
6. Hirut Aga 33:33
Menn:
1. Musnet Geremew 28:37
2. Yigrem Demelash 28:44
3. Nicholas Kipkemboi, Kenya 28:47
4. Belete Assefa 28:51
5. Senbetu Mekebo 28:59
6. Berhanu Mekonen 29:12
Se filmklipp fra en del løpere som krever regimeskifte i Etiopia:
Demontrasjon under Great Ethiopian Run
Herrevinneren: Musnet Geremew