|  | |
Topptur for heile familien ! Anita Håkenstad Evertsen kunne feire sigeren på toppen saman med dottera Anja 8 år og ektemannen Frank Evertsen som både er trenar og massør ! Her er dei fotografert 1700 moh med praktfullt utsyn ned til Nordfjorden og Loen. Foto: Christian Prestegård |
|
525 i fellestart i konkurranseklassane |
|  | |
Jon Tvedt var i teten med ein gong ut frå starten 29 moh på Tjugen og sørga for god strekk i feltet opp skogsbilvegen før skogstien etter 1,8 km og 240 høgdemeter. Foto: Endre Solheim |
|
Øivind Heiberg Sundby frå Leikanger beste lokale løpar med 8 pl på 1.17.40 |
|  | |
I Skåla Opp i 2004 vart det trippelsiger til Sogn og Fjordane ved Odd-Bjørn Hjelmeset; Bjarne Nes og Roger Aa Djupvik. No er konkurransen tøffare og Øivind Heiberg Sundby frå Leikanger som no representerer Tjalve i Oslo vart beste lokale løpar. Han vart nr. 5 i årets NM i Motbakkeløp i Ørsta : Foto Anne Jenny Dvergsdal |
|
Helge Hafsaas er den som har vunne flest maratonløp i verda: 88 |
|  | |
Helge Hafsås spring helst 42195 meter flatt på 2.30, men tek her Skåla Opp som ei kvalitetsøkt på heimebane på tida 1.33.18. Helge bur i Olden omlag 6 km frå Loen. Foto Anne Jenny Dvergsdal |
|
Nr. 3 i dameklassa Zsuza Fey er ungarsk landslagsløpar i orientering som representerer Tyrving |
|  | |
Zsuza Fey spring så mange motbakkeløp ho får tid til innimellom alle orienteringsløpa. Sist helg var ho nr. 2 i Turtagrø-Fanaråken Opp og 31. august spring på Tryvann Opp nesten på heimebane i Oslo. Foto: Anne Jenny Dvergsdal |
|
Roger Aa Djupvik , Fjellhug/Vereide-Hyen Skilag |
|  | |
I fjor sprang Roger Skåla Opp på 1.18.16. I år blei tida 1.19.43. Foto Anne Jenny Dvergsdal |
|
Odd-Bjørn Hjelmeset , Fjellhug/Vereide. |
|  | |
Odd-Bjørn vann Skåla Opp i 2004 på 1.15.11. I år vart tida 1.19.44 og 13. plass totalt. Foto Anne Jenny Dvergsdal |
|
Norunn Stavø, Florø TIF vinn kl. 45-49 på 1.44.52 |
|  | |
Foto Anne Jenny Dvergsdal |
|
Scott Fraser , Scotland , nr. 2 i kl. 17-22 år på 1.21.22 |
|  | |
Skåla 1848m rett opp er på kort tid vorte eit internasjonalt TOPP-løp. I år med deltakarar frå m.a, Tyskland, Scotland, England, Ungarn, Finland, Danmark og Sverige, |
|
Skjalg Duesund IF Klypetussen og Merete Helgheim , Gloppen FIL |
|  | |
58-åringen Skjalg Duesund dreg frå Merete Helgheim som tok bronsemedalje i NM i Motbakkeløp. Dette var det 4.de tøffe motbakkeløpet for Merete på 4 veker. Bak Merete kjem 48-åringen Terje Sørlie frå Vinstra. Dei kjem alle inn på tider rundt 1.41. |
|
Anita Håkenstad Evertsen og Kristen Skjeldal med utsyn frå 1848 moh vestover Nordfjorden |
|  | |
Foto: Christian Prestegård |
|
Skåla Opp for alle frå 6 - 80. Her er spreke ungar frå helsefylket Sogn og Fjordane på opptur 1800 moh. |
|  | |
Foto Anne Jenny Dvergsdal |
|
Jon Inge Kusslid har drege frå broren Kjell Olav og faren Olav Kåre |
|  | |
Kusslid-familien frå Førde må vere ein av dei mest aktive i motbakkeløp i Noreg. Dei er overalt der det blir arrangert bratte fjelløp på Vestlandet.Dei siste 4 vekene har eg møtt dei på løp kvar helg. I 2003 var Jon Inge den fyrste vinnaren av Fanaråken Duatlon.
|
|
Grillparty for 550 på Hotel Alexandra |
|  | |
Oppturane sto i kø denne praktfulle dagen. Etter løpet arrangerte hotelldirektør Richard Grov og staben hans grillparty i hagen utanfor hotellet for 550 deltakar. Grillpartyet vart like profesjonelt arrangert og gjennomført som årets store fysiske opptur til Skåla tidlegere på dagen. Det er all grunn til tommelen opp ! Årets store opptur ! Foto Christian Prestegård |
|
Velkomen attende til Skåla også før den 18. aug. 2007 |
|  | |
Løpsleiar Erik Brendefur til venstre på bildet er framleis høgt oppe etter løpssuksessen 19. aug. Han ynskjer å minne alle deltakarane på at dei ikkje må vente til løpet neste år med å kome attende til Loen. Dette fotoet frå Skålatårnet blei teke 22. februar 2005 på ein ubeskriveleg flott dag der nedturen var heilt \"rå\" for dei som likar å stå på ski ned bratte fjellsider. Her kan du få ein av dei flottaste nedfartane i Noreg, med 1819 høgdemeter ned til startstreken for Skåla Opp. Frå venstre mot høgre ser me vidare: Christian Prestegård, Kjell Edvin Solheim og Olav Lars Rake. Foto: Nils Jørgen Omberg |
|
|