3 motbakkefjelløp på 3 dagar 19-21. september
Eidfjord i Hardanger vil ikkje berre bli med på oppturen for motbakkeløpa i Noreg, men også bli det fyrste motbakkeløp-arrangementet som har 3 løp på 3 dagar. Du blir hermed invitert til ein maratondistanse med 3000 m opp og 1000 m ned fordelt på 3 dagar !
Arrangementet i år 19. - 21. september har for arrangøren mest status som eit testløp for å få testa ut løypetraseane og arrangementet før storsatsinga neste år.

Arrangøren håpar at minst 25 deltakarar vil bli med allereie i år og fristar både med særs rimeleg hotell-opphald med 50% rabatt på Eidfjord Fjell og Fjordhotel, Tlf 53 66 52 64, www.effh.no, og deltakarpremie til alle !

Startkontingenten for alle 3 løpa tilsaman er kun kr. 250,-

For info og påmelding sjå www.xtremeidfjord.no.
Ta kontakt med arrangøren Destinasjon Eidfjord (i samarbeid med Hardangervidda triatlonklubb ) ved Kari Øydvin på telefon 90 84 49 03 el. e-mail: kari@visiteidfjord.no
Alle tre løpa har mål ved Fossli Hotell på toppen av Vøringsfossen
Alle+tre+l%F8pa+har+m%E5l+her+ved+Fossli+Hotell+p%E5+toppen+av+V%F8ringsfossen.+Foto+Christin+Presteg%E5rd
Alle tre løpa har mål her ved Fossli Hotell på toppen av Vøringsfossen. Foto Christin Prestegård
Spektakulært utsyn NED Vøringsfossen for dei som ikkje har høgdeskrekk
Etter+m%E5lpassering+kan+du+nyte+dette+utsynet+ned+V%F8ringsfossen+dersom+du+ikkje+har+h%F8gdeskrekk.+MEN+V%F8ringsfoss-race+som+dei+tre+l%F8pa+heiter+handlar+ikkje+om+%E5+springe+OPP+V%F8ringsfossen+%21+Det+er+tre+l%F8p+som+g%E5r+opp+tre+ulike+dalar+med+tre+ulike+fossar.+L%F8pa+har+det+til+felles+at+dei+har+same+m%E5lomr%E5de+ved+Fossli+Hotell+%21+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Etter målpassering kan du nyte dette utsynet ned Vøringsfossen dersom du ikkje har høgdeskrekk. MEN Vøringsfoss-race som dei tre løpa heiter handlar ikkje om å springe OPP Vøringsfossen ! Det er tre løp som går opp tre ulike dalar med tre ulike fossar. Løpa har det til felles at dei har same målområde ved Fossli Hotell ! Foto Christian Prestegård
1. løp Fredag 19. sept. kl. 17.00: Måbøgaldane - Fossli.
Det+fyrste+l%F8pet+blir+n%E6rast+som+ein+ein+prolog+i+forhold+til+dei+to+neste+dagane.+L%F8pet+er+p%E5+5749+m+og+har+ein+h%F8gdeskilnad+mellom+start+og+m%E5l+p%E5+500m.+Den+samla+stigninga+blir+omlag+600m.+L%F8ypa+som+er+n%F8yaktig+oppm%E5la++ser+slik+ut+n%E5r+det+gjeld+l%F8psunderlag+fr%E5+start+til+m%E5l%3A+Grusveg+292m+.Sti%2C+Steintrapper++3764m+%2C+Grusveg+1080+m%0D%0ASti+534m%0D%0A%0D%0A
Det fyrste løpet blir nærast som ein ein prolog i forhold til dei to neste dagane. Løpet er på 5749 m og har ein høgdeskilnad mellom start og mål på 500m. Den samla stigninga blir omlag 600m. Løypa som er nøyaktig oppmåla ser slik ut når det gjeld løpsunderlag frå start til mål: Grusveg 292m .Sti, Steintrapper 3764m , Grusveg 1080 m Sti 534m
2. løp Laurdag 20. sept. kl. 11.00: Kraftstasjonen i Simadal-Fossli
Det+andre+l%F8pet+som+startar+ved+Kraftstasjonen+i+Simadal+er+15%2C5+km+langt+med+omlag+1200m+stigning+og+450m+unnabakkar.+Lypa+er+n%F8yaktig+oppm%E5la+og+ser+slik+ut+n%E5r+det+gjeld+l%F8psunderlag+fr%E5+start+til+m%E5l%3A+Asfalt+flatt+200+m%2C%0D%0ASti+grus%2F+gras+2000m+++%2840+hm%29%0D%0AVeg+asfalt++1100m++%2846+hm+%29%0D%0ABratt+sti+3500m++%28942+hm+%29%0D%0ASti+p%E5+fjell+2500m+%28139+hm+%29%0D%0ASti+varierande+5250+m++med+456+hm+nedoverbakkar+nedover+til+Fossli.%0D%0A
Det andre løpet som startar ved Kraftstasjonen i Simadal er 15,5 km langt med omlag 1200m stigning og 450m unnabakkar. Lypa er nøyaktig oppmåla og ser slik ut når det gjeld løpsunderlag frå start til mål: Asfalt flatt 200 m, Sti grus/ gras 2000m (40 hm) Veg asfalt 1100m (46 hm ) Bratt sti 3500m (942 hm ) Sti på fjell 2500m (139 hm ) Sti varierande 5250 m med 456 hm nedoverbakkar nedover til Fossli.
3. løp. Søndag 21. sept. kl. 11.00. Frå Natursenteret i Øvre Eidfjord til Fossli Hotell
Det+siste+og+lengste+l%F8pet+startar+ved++Natursenteret+i+%D8vre+Eidfjord.+L%F8pet+er+21%2C5+km+langt+med+omlag+1140+m+stigning+og+450+m+nedoverbakkar.+Ogs%E5+denne+l%F8ypa+har+arrang%F8ren+m%E5lt+opp+n%F8yaktig+og+den+ser+slik+ut+n%E5r+det+gjeld+l%F8psunderlag+fr%E5+start+til+m%E5l%3A+Veg+asfalt+3000m+%2C+Veg%2Cgrus+7000m+%2CSti+terreng%2C+myr%2C+grus+11500m.%0D%0A%0D%0A
Det siste og lengste løpet startar ved Natursenteret i Øvre Eidfjord. Løpet er 21,5 km langt med omlag 1140 m stigning og 450 m nedoverbakkar. Også denne løypa har arrangøren målt opp nøyaktig og den ser slik ut når det gjeld løpsunderlag frå start til mål: Veg asfalt 3000m , Veg,grus 7000m ,Sti terreng, myr, grus 11500m.
Litt meir praktisk info
Arrangør Kari Øydvin kari@visiteidfjord.no seier til Kondis.no at ALLE som skal delta må møte opp seinast kl. 16.30 fredag 19. sept. ved Parkeringsplassen ved Måbøgaldane. Det er omlag 15 min køyring opp frå Eidfjord Fjell & Fjordhotell.

Her får deltakarane utdelt startnummer og den infoen dei treng for fyrste dagen.
I det fyrste løpet treng ikkje deltakarane spinge med sekk. Sekkane blir transportert opp til mål på Fossli Hotell og alle deltakarane får transport ned til start på Parkeringsplassen ved Måbøgaldane etter løpet. Seinare på kvelden samlast alle deltakarane på Eidfjord Fjell & Fjord Hotell www.effh.no, til sosialt samvær og info om dei to neste dagane.

Laurdag og søndag må alle springe med sekk som må vege minst 2.5 kg og som skal innehalde rikeleg med varme klede som luve, vottar, hodelykt, vindjakke, kompass/ gps, mobiltelefon.+ minst 0,5 liter drikke .

Dette vert kontrollert før start. Sjølv om løypene blir merka så får alle utlevert eit kart over løypa og viktige telefonummer. Arrangøren har fokus på tryggleiken til deltakarane. I testløpet i år blir det truleg kun ein drikkestasjon omlag der løparane kjem opp den lange bratte bakken, ellers må deltakarane klare seg sjølve.

Det vert teke mellomtider, ei i kvart løp.

Det vil vera personar som vil gå som siste mann, for å forsikra at alle kjem i mål.
+ ein baktropp til å samla inn merkeutstyr.

I skrivande stund har ikkje arrangøren bestemt om det blir jaktstart dei to siste dagane, for det blir nok veldig langt mellom deltakarane den siste dagen. Det beste er nok fellestart kvar dag, men denne avgjerda treng dei ikkje ta før etter 1. løpet.

Alle som fullfører vil få ei eksklusiv "FINISHER"-T-skjorte som vil bli laga etter løpet og tilsendt i korrekt storleik til alle deltakarane. Den skal deltakarane vera stolte av, seier Kari Øydvin for det blir sjølvsagt trykt på årstal og det er berre dei som har fullført som vil få den !

I tillegg får raskaste kvinne og mann ei kasse med Hardangereple i TOPP kvalitet !
Arrang%F8r+Kari+%D8ydvin+og+Karl+David+Stakseng+ved+m%E5lstreken+p%E5+Fossli+Hotell.+Dei+h%E5par+at+mange+allereie+i+%E5r+vil+bli+dei+fyrste+i+Noreg+som+spring+tre+l%F8p+p%E5+tre+dagar+opp+tre+ulike+dalar+med+ulike+fossar.+Etter+synfaring+i+l%F8ypene+er+eg+ikkje+i+tvil.+Dette+m%E5+eg+berre+bli+med+p%E5+%21+Eg+stiller%2C+gjer+DU+%3F+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Arrangør Kari Øydvin og Karl David Stakseng ved målstreken på Fossli Hotell. Dei håpar at mange allereie i år vil bli dei fyrste i Noreg som spring tre løp på tre dagar opp tre ulike dalar med ulike fossar. Etter synfaring i løypene er eg ikkje i tvil. Dette må eg berre bli med på ! Eg stiller, gjer DU ? Foto Christian Prestegård