Kondis.no takkar Morten Sortland, Sogn Avis for foto til denne reportasjen. Morten Sortland har teke alle foto som ikkje er påført fotograf. Nederst i denne reportasjen finn du også link til bildeserie frå løpet på SognAvis.no

Ingressbildet ovanfor viser målpasseringa til 16-åringen Vetle Uhre Hammersvik (f. 1999) frå Førde som vann på 32.17 etter ein tøff duell med motbakkeløparen Geir Steig, Luster IL som fekk tida 32.21. Dei heldt stort fart gjennom heile løpet og sprang begge to inn på 10-på-topp-lista over dei raskaste i løpets 30-årige historie. Thomas Nybø, Sogndal IL kom på 3.plass med tida 33.28. Det såg ikkje ut til at det kjølige (+5-7 grader) regnværet la nokon dempar på korkje farten eller stemninga i løypa/løpet. Løyperekorden i den kuperte 9,5km lange løypa har Svein Inge Buhaug med 30.43 frå 2010. Sjå www.vettislopet.com

640_3raskaste_menn.Foto_MortenSortland.jpg

Dei 3 raskaste frå høgre Geir Steig, Vetle Uhre Hammersvik og Thomas Nybø.

640_Kia Gemechu_Vinnar_FotoMortenSortland_SognAvis.jpg

Kia Gemechu, Sogndal IL var raskaste dame med tida 37.12. Nr 2 vart Jannicke Holmseth Bukve, Avery Dennison NTP, med 40.01 og på 3. plass kom Marita Hestetun frå arrangørklubben Jotun med 40.28. Vinnartida til Kia Gemechu var så god at ho sprang seg inn på 3.plass på 10-på-topp-lista rett bak OL-meistar på maraton Joan Benoit og vel minuttet bak løyperekorden 36.02 til Anna M. Tråve, Lærdal IL. 

Anna M. Tråve var 49år då ho i 2004 sette gjeldande løyperekord . I år deltok ho for 19. gong i løpet og vi ser henne med raud overdel og startnr. 1 i startfeltet nedanfor. Ho sprang i år på 41.30 og vart nr 4 totalt i dameklassa og raskaste dame over 40år. Anna har vore ein medaljegrossist i EM og VM i løping for veteraner og har også sølv- og bronsemedaljar frå veteran-EM/VM i motbakkeløp.

640_Start_FotoMortenSortland.jpg

Arrangøren kunne nok ha ønskt seg eit bedre vær til 30-års-jubileumsløpet. Tilsaman var det 70 deltakarar i konkurranseklassane medan det var tilsaman 300 i trimklassa og minijoggen for dei under 12 år. Før fellesstarten i klassa for aktive (bildet ovanfor) vart det mykje snakk om påkledning blant deltakarane ettersom det var regnvær og berre 6 grader ved start. Sjølv sprang eg i T-skjorte og det vart varmt nok. Den lettast kledde var Thomas Nybø som vi ser i teten i svart kortbukse og singlett.

640_Chr_Best_Innspurt_FotoMortenSortland.jpg

Kondis' utsendte fekk ei ubeskriveleg flott løpsoppleving som også vart ein positiv "mimretur" om "gamle dagar". Fotoet ovanfor illustrerar godt mi begeistring for løpet/løypa. Endeleg klaffa det slik at eg kunne reise til Øvre Årdal for å springe Vettisløpet. Det meste stemte denne dagen. Eg fekk startnummer 55. Det passa godt når eg er fødd i 1955, har 60-års-jubileum i år og deltek i eit 30års-jubileumsløp i det som var heimbygda mi frå 1957-1974. Og ikkje minst det er nøyaktig 55år sidan eg som 5-åring fyrste gong, saman med far min,  gjekk den gamle kløvjevegen og stien frå Skåri/Hjelle til Vetti Gard og vidare til Vettisfossen.

640_Løypeprofil.jpg.jpg

Det 9,5km lange kuperte grusvegløpet Vettisløpet går på Folkevegen frå Hjelle/Skåri i Øvre Årdal og opp til Vetti og attende. Folkevegen vart eit av dei største og mest imponerande dugnadsprosjekta i Noreg då det frå 1973-77 vart lagt ned om lag 50.000 dugnadstimar av 1.500 Årdøler.

640_AnnaogChr1.jpg

Det vart også eit høgdepunkt å kunne springe dette løpet saman med løyperekordhaldar Anna M. Tråve som har sprunge Vettisløpet 19 gonger.  Vi vart også dei to raskaste løparane i kl. 60år + . Anna med tida 41.30 og eg med 41.18. Foto Nils Solheim

Resultatliste for konkurranseklassane

Sjå også bildeserie frå løpet på SognAvis.no