Løypa var lagt om frå i fjor slik at ein kom innom idrettsanlegget etter 4 kilometer. Det vart difor ein god kilometer på grusveg midt i løypa, medan det tidlegare var grus berre på første og siste kilometer. Løypa er framleis tung, men fekk med dette mindre ekstrempreg over seg. Men det er ei ekstremt kjekk løype å springe (eller gå..), og vi såg ingen som var ekstremt trøytte. Vi lurer litt kvifor ikkje "kvoten" på 300 personar blir fylt opp på ein slik flott dag, og trur arrangøren hadde tent på å opna for etterpåmelding. Beste resultat:
Jo Harald Færø, Øystein Sylta og Knut Aalien Frå venstre nr. 3 Norunn Stavø, nr. 2 Mariann Stanghelle og vinnar Kjersti Danielsen. ![]() Kjersti Danielsen frå Sportsklubben Vidar tok førsteplassen i ekstremløpet. I tikilometeren søndag vart det andreplass. Reidun Halland kjem i mål på 71.52. Hege Sande og Trond B. Husebø Fullstendig resultatliste Samleside Knarvikmila |
2 x SK Vidar i Knarvikmila Xtrem
I strålande ver var det 150 løparar som var ute og prøvde den nye løypa i Knarvikmila Xtrem. Øystein Sylta (biletet) tok førsteplassen på 38.48 få sekund før Knut Aalien. Kjersti Danielsen vann på 48.39 og hadde god margin til Mariann Stanghelle.
Siste medlemssaker
Annonse