Resultater Tronkberget opp 23.09.09: |
Tronkberget opp på Evenstad
Onsdag 23 september blei Tronkberget opp arrangert for første gong på Evenstad. Det var satt opp to klasser, både ein trimklasse og ein turklasse med idealtid, dette for å gi folk moglegheiten til å sjå folk komme over målstreken. Løpet var på omlag 4 km og hadde ein stigning på 375 høgdemeter, noko som nok fekk blodpumpa til å arbeide hjå begge klassane. Det var eit veldig godt oppmøte og det var kjekt å sjå at bygda vart representert både i turklassen og i trimklassen. Ein håpar med dette at "Tronkberget opp" kjem til å kunne bli arrangert fleire gonger, og moglegvis allereie til våren.
Siste medlemssaker
Annonse