Arrangementet finn stad i Austevoll kommune, halvannan timest kjøre-og ferjetur sør for Bergen. Her kan alle frå 11 til 100 vera med. 11 og 12år kan berre springa 5 km, alle andre kan velja. I sjølve Austevollsløpet vert det berre mosjonsklasse i år.
Austevollsløpet vart arrangert første gang tidleg på -80 talet. Då gjekk løypa frå Vinnes over brua og til skulen på Selbjørn. Sidan den gang har Austevollsløpet vore arrangert mange stader rundt i kommunen, siste over Austevollsbrua til Austevoll Idrettsanlegg. I 2022, då den nye løpebanen stod ferdig, blei det både start og mål på Austevoll Idrettsanlegg. Løypa er kontrollmålt og godkjend. Så løpet er nøyaktig 5 km, og sjølvsagt så flat som mogeleg, berre ein total høgdeforskjell på 41m. I år blir det berre mosjonsklasse i sjølve Austevollsløpet. Alle som vil konkurrera litt hardare anbefaler må melda seg på i Kretsmeisterskapet 5km, eller 2 rundar i same løypa, 10km.
Det vert Mini-Mini maraton for dei aller minste til og med 10år. Denne løypa er 870m. Start kl 12.30. Løypa startar på banen og svingar ut porten i sør, deretter spring ein rundt fotballbane 2, så inn på banen igjen der ein tek til høgre og følgjer løpebanen inn til mål. Oversikteleg løype der ein kan sjå deltakarane frå målområdet nesten heile tida.