Det var påmeldt eit rekordstort felt i konkurranseklassane med 228 deltakarar frå 10 land Eritrea, Skotland, England, Sveits, Østerrike, Tyskland, Holland, Danmark og Sverige. 193 stilte til start ved Turtagrø Hotel 868moh for å springe den 9 km lange løypa opp til Fanaråken 2.068 moh med mål ved nord-Europas høgast liggjande turisthytte Fannaråkhytta.
Alle som starta, fullførte løpet. Då konkurranseløparane nådde toppen blei dei tiljubla av fleire hundre deltakarar i trimklassa som hadde starta tidlegare. Det var gode løpsforhold, men mykje regn dei siste dagene gjorde at løypa vart lagd om i starten pga. for mykje vatn i delar av dei fyrste 1,5 km.
Den løypa som vart løpt i år er om lag 9 km lang med 1250 m samla stigning og blir den løypa som vil bli nytta i framtida. Vinnartida til Tomas Bereket, Eritrea, er kun 14 sek bak tidlegare rekord trass i at løypa då var over 300 m lenger enn før, og ingen har tidlegare hatt så høg gjennomsnittsfart opp til Fanaråken frå Turtagrø.
Foto ved Anne Jenny Dvergsdal, Kåre Steinar Skagen, Hanne Toftdahl og Christian Prestegård

Tomas Bereket, Eritrea, imponerte med vinnartida 57,30. ( foto Anne Jenny Dvergsdal) Tida er berre 12 sekundar bak rekordtida 57,18 til Jon Tvedt frå 2008 i den fyrste løypa som var 8,4km lang. I år var løypa 600m lenger. Etter Jon Tvedts tragiske bortgang i januar 2009 vart rekordtida hans forbetra med 2 sekundar til 57,16 i august 2009 av kenyaren Richard Bartale. Då var løypa vel 300m kortare enn den løypa som deltakarane sprang i år. Det blir også løypa for framtida. For no er stiprosjektet ( i regi av Statens Naturoppsyn) opp til Fanaråken avslutta og løypa dei fyrste 5 km av 9 km er lagd på veg som både tåler store nedbørsmenger og fellestart med over 500 deltakarar....
Arrangør IL Fanaråk ved løpsleiar Anders Fortun fekk etter løpet mykje ros frå deltakarar og sponsorar for eit prikkfritt og imponerande gjennomført arrangement. Spesielt begeistra var dei utanlandske deltakarane som samlast på Skjolden Brygge etter løpet. Dei applauderte også omlegginga av løypa i starten . Sjå foto på slutten av reportasjen. Av dei 11 utanlandske deltakarane som Kondis.no fekk snakka med ville 8 heilt sikkert kome attende til neste år då Buff Fanaråken Opp kan feire 10-årsjubileeum !

Bereket gjekk rett i tet ut frå starten ved Turtagrø Hotel. Då kan sprang ut av gruvegen etter 5km og starta på den bratte stien med 25% stigning dei siste 4km hadde kan ei leiing på 40 sek på fjorårsvinnar David Schneider , Sveits. Denne leiinga meir enn dobla han opp til mål på Fanaråken 2.068 moh. ( Foto Kåre Steinar Skagen )
Dei 5. beste i herreklassa

May Britt Buer, IL Gular, vann dameklassa på 1.09.44 . ( Foto Anne Jenny Dvergsdal), Ho fekk tøffare konkurranse enn forventa av årets Norgesmeistar i Juniorklassa Tuva Toftdal Staver, Strindheim som var kun 47 sek bak i mål.

Tuva Toftdal Staver, Strindheim, har her ved omlag 1400moh god dra hjelp frå Terje Skinstad, IF Sturla som vart nr. 3 i kl. 45-49 år på tida 1.10.08. Tuva hang godt med til topps og fekk slutttida 1.10.31. Foto Hanne Toftdahl

David Schneider, Sveits som vann Buff Fanaråken Opp i fjor vart nr. 2 i år 1 min. 37sek bak Bereket. (Foto Anne Jenny Dvergsdal )

Øyvind Heiberg Sundby , IK Tjalve løp eit sterk løp og kom på pallen ! Han var kun 1 min 37 sek bak Schneider. I fjor var avstanden mellom dei omlag 4 min. ( foto Hanne Toftdahl)

Foto Kåre Steinar Skagen. Ut frå starten ved Turtagrø etter 150 meter. Fotoet viser feltet bak dei 3 raskaste , Bereket, Schneider og Heiberg Sundby som stakk frå i tet med ein gong. Vi ser Robbie Simpson, England (82), Hans Martin Gjedrem (93), Einar Trefall (67), Martin Finne (75), Sep Thyssen, Nederland,(227), Jørn Foros (91)...

Robbie Simpson, Scotland vart nr. 4 totalt. Tidlegare i år vart Robbie nr. 3 i VM i langdistansefjelløp i Slovenia

Mål ved nord-europas høgast liggjande turisthytte Fannaråkhytta 2.068 var dessverre dekka med tåke. Dårleg vær dei siste dagane og ikkje dei beste værmeldingane hadde nok "skremt" over 150 trimmarar frå å delta. Arrangør IL Fanaråk hadde veka før løpet fått fleire førehandspåmeldinger enn i fjor då det vart ny deltakarrekord med 568 med omlag 402 i trimklassa og 166 i konkurranseklassa. I år var det rekordstor deltaking i konkurranseklassa med 193 som fullførte , medan 233 vart registret i mål i trimklassa. Dvs. 426 totalt.

Hans Martin Gjedrem, Valldal/ Team La Sportiva vart nr. 5 totalt. I fjor vart han nr. 3 i Buff Fanaråken Opp. Hans Martin vann NM i motbakkeløp i 2009 og har bla. også fått med seg 2 NM gull i skiskyting på 20km for senior. ( Foto Anne Jenny Dvergsdal )

Sam Hesling, Carnethy Hill Runners England, fotografert ved omlag 1400m før han kom opp i tåkehavet ved 1600 moh. Hesling vart nr. 7 totalt. Foto Hanne Toftdahl

Elise Hay Opsal , GTI som vart nr 2 i kl. 35-39. Slik burde målgangen 2.068moh opplevast for alle, med jubel og norske flagg. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Kjell Mundal, Jølster (174) nr1 kl. 45-49 og Magnor Rypdal, Isfjorden (191) nr1 kl. 50-54. I mål var rekkefølga mellom dei to bytta om. Rypdal kom i mål på 1.07.00 og Kjell Mundal 1.07.40. ( Foto Hanne Toftdahl )

Aslak Nenseter (62), Skarphedin IL, vart nr. 1 i yngste klasse 15-17 år på 1.07.49 medan Per Olav Bøyum, Fylkesbaatane-Flagget, vart nr. 1 i kl. 35-39år på 1.09.06. Nenseter vann også pengepremien på kr. 3.000 til raskaste løpar under 20 år. Foto Hanne Tofdahl

Einar Trefall, Eksingedalen-Modalen, vart nr 2 i yngste klasse 15-17år på 1.09.19. Det var heile 14 deltakarar i den yngste klassa. Foto Hanne Toftdahl

Gjermund Nordskar hadde dagens tøffaste og mest spesielle oppvarming til løpet. Gjermund som jobbar på Fannaråkhytta 2068moh var tidleg oppe om morgonen for å bake bollar til deltakarane. Deretter sprang han ned dei 1200 høgdemetrane i den 9km lange løypa for å rekke starten på løpet kl. 11.00. Det gjorde han og gjennomførte deretter løpet på den gode tida 1.07.25 ! Han hadde derimot den fordelen at han slapp å gå ned frå Fannaråkhytta etter målpassering. Han var bokstaveleg tala i MÅL ! ( foto Hanne Toftdahl)

Emilie Fleten, Gol IL, vann kl. 18-19 år på 1.17,51 og vann pengepremien på kr. 3.000 til raskaste løpar under 20 år. ( Foto Anne Jenny Dvergsdal )

Pga. tjukk tåke frå omlag 1500 moh og opp til mål på 2.068 moh stilte Hanne Toftdahl seg opp under tåka ved omlag 1400 moh og fekk teke mange flotte bilder. Det var meininga at ho også skulle ta bilde av si eiga dotter Tuva Toftdal Staver ( nr 2 totalt) men då ho passerte var ho "inneklemt" i ei gruppe med menn. Sjå foto av Tuva lenger oppe. Derimot fekk ho eit flott bilde av Terje Hordnes, Skanska Aktiv som vart nr. 2 i kl. 50-54år på 1.09,29.

Therese Sjursen , BFG fana, vart nr. 3 totalt i dameklassa med tida 1.13,42. ( Foto Anne Jenny Dvergsdal)

Jan Øyvind Bolstad frå arrangørklubben IL Fanaråk vart nr. 4 i kl. 40-44 år på tida 1.16,47. ( Foto Anne Jenny Dvergsdal )

Kor er konkurrentane mine i klasse 60-64 år ? Anders Inge Hundere , Lærdal IL, snur seg 50 meter før målstreken og ser kun tåke og den gamle storløparen Jarl Gaute Aase, Dalane SK, som er i kl. 50-54 år. Anders Inge vann klassa si med tida 1.17,30, medan Jarl Gaute vart nr. 3 i si klasse med tida 1.17.33. For 30 år sidan var Jarl Gaute ein toppløpar på langdistanse som tok tilsaman 10 NM-gull ! No er det sykling som er hovudaktiviteten innan kondisjonsidrett. ( Foto Anne Jenny Dvergsdal )

Arne Johannessen, Politiets Fellesforbund / Hafslo IL vart nr. 4 i klasse 50-54år og sette ny personleg rekord opp til Fanaråken med tida 1.18,34. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Tuva Toftdal Staver, Strindheim IL var kjempefornøyd med løpet og 2. pl. totalt. .Tuva var glad for at ho tok turen sjølv om løpet er litt for nær opptil dei 5 konkurransane ho skal igjennom frå onsdag 10. aug. til søndag 14. aug. i toppidrettsveka i Aure der ho skal konkurrere mot verdseliten i langrenn. Dette bildet vart teke inne i Fannaråkhytta 2.068moh og kroppsspråket til Tuva får oppsummere stemninga blant deltakarane etter løpet. ( Foto Anne Jenny Dvergsdal )

Etter premieutdelinga var Skjolden Brygge staden for uformelt og triveleg sosialt samvær. Det var i år den største internasjonale deltakinga i løpets 9 årige historie med 18 deltakarar frå 9 land utanom Noreg. Dei som er med på dette bildet er frå venstre, David Schneider Sveits, Thea Lillehove Østerrike, Robbie Simpson England, Christian Prestegård, Fiona Maxwell, Scotland , Sam Hesling England og Bill Maxwell, Scotland.

Søndags morgon etter løpet fekk vi det været som vi hadde håpa på dagen før. Tomas Bereket, Eritrea kom til Noreg i fjor haust som asylsøkar. For Tomas betydde ikkje det dårlege været under løpet noko. For Tomas var Buff Fanaråken Opp den største løpsopplevinga han hadde hatt som motbakkeløpar og kunne reise frå Skjolden og Fanaråken opp med den største pengepremien som han har vunne på kr. 10.000 i tillegg til mange andre premiar bla. La Sportiva fjelløpssko. Dessutan fekk han eit særs godt utgangspunkt for å vinne samanlagtpremien La Sportiva Dobbel med La Sportiva Skåla 1848m rett opp som det andre løpet 13. august. ( foto Christian Prestegård)