Betty Ann Bjerkreim Nilsen Like god vinter som sommar
Betty Ann Bjerkreim Nilsen (19) er like god uansett om det er ski eller orienteringssko ho har på beina. Ho er ei av dei klart fremste juniorjentene i landet i orientering og på same nivå i langrenn. Så langt i år ligg ho på andreplass i noregscupen i langrenn, og ho har eit svært realistisk mål om å kvalifisere seg til Junior-VM i Finland i mars.
Av Gøril Fristad
Under NM på ski i januar fekk Betty Ann ein heiderleg 11. plass på 15 km duatlon.
Det var gøy å prøve seg mot Bjørgen og co. og å sjå at eg klarar å hevde meg blant dei nest beste jentene i Noreg sjølv om eg berre er junior.
- Kva er målet ditt i år?
- Det er å ta medalje i NM og kvalifisere meg til junior-VM både i orientering og langrenn. VM-laget til Finland blir tatt ut etter junior-NM på ski, og eg håpar jo på å kunne kopiere eller forbetre femteplassen frå i fjor.
- Junior-VM i orientering går i Sveits, og eg vil gjerne forbetre tiandeplassen frå i fjor. Eg har allereie vore på samling der, i fjor sommar, så eg føler eg skal vere bra førebudd. Terrenget er krevjande fysisk, og noko uvant for oss frå Noreg, men eg synest det verkar lovande.
Krevjande kombinasjon
- Korleis klarar du å kombinere dei to idrettane?
- Det er klart at det til tider kan bli mykje av det gode med reising og konkurransar heile året, men så langt føler eg at det går fint. Eg får variert trening og miljø slik at det utfyller kvarandre og blir motiverande.
Etter orienteringssesongen var over i haust skulle eg ønske at eg hadde ein månad pause, men reiste i staden på skisamling til Ramsau med NTG Lillehammer. Eg var ikkje like gira som resten av følgjet, men utover i sesongen har det blitt betre og betre.
Fysisk er det ingen motsetnad mellom å satse på langrenn og orientering samstundes. Begge idrettane krev god aerob uthaldenheit. Orienteringa om sommaren drar nytte av styrken eg får gjennom langrenn om vinteren og langrenn av alle konkurransane eg har hatt om sommaren.
Eg trenar styrke mest for å bli betre i langrenn, ikkje orientering. Der får eg det meir på ein naturleg måte, gjennom løping i hardt terreng. Om sommaren blir det meir langturar enn om vinteren. Gjerne opp mot to timar på beina. Om vinteren blir det meir intensiv trening og intervalløkter, forklarer Betty Ann som legg opp treningsplanar etter langrennsåret, med start i mai. Sjølv om dette er langt inne i konkurransesesongen for ein orienteringsløpar, fell det mest naturleg sidan hovudtrenaren hennar er ved NTG, og langslagstrenaren i orientering, Jon Olav Guldbrandsen, mest hjelper henne på det o-tekniske feltet.
Står utanfor landslaget
Betty Ann valte i haust å stå utanfor juniorlandslaget i langrenn.
- Kvifor?
- Sidan eg går på NTG blir det så mange samlingar og bra opplegg likevel. Slik det såg ut, hadde eg knapt vore på skulen i vinter om eg skulle ha vore med på alt. Det er godt å få litt tid til andre ting og å sleppe å måtte leve i bag absolutt heile tida.
- Eg har jo før prioritert vekk o-tekniske samlingar om vinteren og skisamlingar om sommaren. Eg prøver å ha fokus i den sesongen eg er i, men held vedlike langrennsteknikken med 2-3 rulleskiøkter om sommaren og springinga med 3-4 løpeøkter om vinteren.
- Må du velje idrett snart?
- Så langt føler eg at det har gått fint å kombinere, og akkurat no er det ingen av idrettane som utmerkar seg. Eg har denne og neste vinter igjen som junior på ski og to sesongar til som junior i orientering, og eg trur og håpar at eg kan vente med å velje til eg blir senior.
Store meisterskapsdebutar
- Kva er det artigaste du har opplevd på idrettsarenaen?
- Eg må få dele det på ei hending innan kvar idrett. I langrenn var det å bli teken ut til Ungdoms-OL som 16-åring og få gå klassisk etappe og vinne stafetten. Det var spesielt fordi det føltes som å delta i eit mini-OL" med både alpint, hopp og skiskyting.
Også i orientering er det meisterskapsdebuten i junior-VM som sit sterkast igjen. Det var stort å få delta i Estland som 17-åring. Men også stort å vinne o-ringen i Skövde (5 dagars o-løp med samanlagtsiger) som 16-åring.
- Er det nokon forskjell på dei to idrettsmiljøa?
--------------------------------------------------------------------------
Les hele artikkelen i KONDIS!
Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Februarnummeret 2005
ÅRGANG 2004
KONDISARKIVET
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!

Siste medlemssaker
Annonse