Laurdag er Osterøy IL klar med nok ei utgave (9. gang) av Brakvatnet Rundt. Med heile 400 deltakarar i fjor er dette en skikkelig folkefest og et bra helseforetak. Les mer om arrangementet i Osterøy IL sin pressemelding:


Laurdag 17. oktober er det på ny klart for eit av dei mest spesielle halvmaratonløpa i landet, nemleg Sport 1 Brakvatnet halvmaraton. Løypa går på grusstiar åtte rundar rundt eit idyllisk vatn, og er ei kraftprøve uansett om du går eller spring. Med fleksibel starttid legg arrangørane i Osterøy IL opp til at du kan gjera begge deler.

Dei fleste halvmaraton går på asfalt og er rimeleg flate for at deltakarane skal oppnå best mogeleg tider. Brakvatnet halvmaraton er for det meste grusstiar og vakker natur. På kvar runde må du gjennom fleire sugande motbakkar som tappar deg for energi og like mange unnabakkar som etter kvart bankar låra dine møre.

- Mosjonsløp og trimkarusellar er viktige i eit folkehelseperspektiv. Mange folk kjem seg ut og trimmar i ei sosial ramme. Men for dei aller fleste av oss er det ikkje noko kolossal prestasjon å gå eller jogga 5 km. Ein halvmaraton derimot! Då byrjar me å snakka. Alle som fullfører Brakvatnet halvmaraton er vinnarar – uansett tempo, slår arrangøren fast i ei pressemelding.

Halvmaraton på tid startar klokka 13. Løyperekordane har Bjarte Vik (1.18.31) og Hilde Aasheim (1.24.29). Eqtiming sørger for at du får nøyaktig tid på kvar runde. Før startskotet smell kan gåande starta når dei vil mellom soloppgang (08.23) og klokka 11. Då startar også 10 km konkurranseklasse. Barneløpet klokka 12 er ein runde (2.6 km) rundt vatnet. Som alltid blir det god servering ved mål med banan, cola, vatn og så mykje sjokolade som du maktar å pressa i deg. Dette er 9. året løpet blir arrangert. Arrangementet hadde over 400 deltakarar i fjor.

Brakvatnet halvmaraton er eit løp med ei heilt spesiell atmosfære. Startordninga gjer at dei som spring heile tida tek igjen løparar og gåande, med dei positive effektane det har for motivasjonen.  Dei gåande er også flinke til å heia fram vener og kjente.

Den spesielle løypa, stemninga rundt løpet og prestasjonen det er å fullføra eit slikt løp, gjer Brakvatnet halvmaraton til eit  mykje nytta mål for lokale bedrifter som ønskjer å stimulera til auka fysisk aktivitet og stigande formkurve blant personalet. Løpet har også ein sosial profil der deler av overskotet går til kreftsaka.   

- Dette er feelgood-løpet framfor noko anna her i landet. Publikum samlar seg rundt væskestasjonen ved mål, og her er stemninga omtrent som på Champs-Élysées under avslutningsetappen til Tour de France, lokkar arrangørane i Osterøy IL.   

Les meir på nettsida til Osterøy IL