Løypa i Flækøyhøe Upp er 3,9 km lang og har 700 høgdemeter, med målgang på 1100 moh får ein virkeleg panoramautsikt over heile bygda. Det går relativt flatt på asfalt og grus den fyrste kilometeren, etter det går ferden oppover lia på ein svært fin barnålssti heilt til du kjem deg opp over tregrensa. 

Fyrst ut var trimklassa med totalt 24 påmeldte. Trimklassa bestemmer sjølve når dei startar mellom klokka 08.00 og 10.00, og for dei som ynskjer det er det fellesstart kl 10.00. Trimklassa passar for alle uansett alder og kondis, så lenge ein vil pushe seg litt.

Det var forskjell på kor behageleg folk hadde det oppover lia, men alle kom seg opp. Yngste deltakar som gjekk heilt opp var berre seks år. Imponerande.

Vinnar i karklassa vart Geir Steig. (Foto: Kari Lauten)

Klokka elleve var det klart for konkurranseklassa med 21 påmeldt. Raskaste dame i år vart Ella Soglo frå Skjåk med 41.34 og raskaste kar vart Geir Steig frå Luster med 32.18. Andre og tredje plass dame vart Ragnhild Taraldsrud og Live Sulheim Viken. Andre og tredje plass kar vart Simen Teigum Slettede og Thomas Øyberg. 

Også i år vart Flækøyhøe Upp arrangert samtidig med Ståk i Skjåk, så under premieutdelinga blir det ekstra mange tilskodarar med alle som går rundt og ser i salgsbodenene. Med scene plassert i ein lastebil vart det ei perfekt avrunding av ein flott løpsdag!

Pallen i dameklassa: Ella Soglo og Ragnhild Taraldsrud. Live Suleheim Viken var ikkje til stades. (Foto: Kari Lauten)
Pallen i karløassa: Geir Steig, Simen Teigum Slettede og Thomas Øyberg. (Foto: Kari Lauten)
Flækøyhøe Upp er eit løp som passar for heile familien. (Foto: Kari Lauten)

Resultat på EQtiming

Resultat Flækøyhøe Upp 2025

Plass Fornavn Etternavn Klubb Klasse Tid
  Konkurranse kvinner        
1 Ella Soglo Skjåk IL K17-18 41:34:00
2 Ragnhild Taraldsrud Skjåk Veteran Kvinner 50-54 45:51:00
3 Live Sulheim Viken Lom IL K15-16 50:38:00
4 Rønnaug Mork Lom IL Kvinner Senior 56:08:00
5 Astrid Sulheim LOM Veteran Kvinner 45-49 57:32:00
6 Hanna Vollen Heidal Il K15-16 59:10:00
7 Grethe Slåen Lalm il Veteran Kvinner 50-54 01:03:04
8 Kari Johansen Prøven Eid IL Veteran Kvinner 50-54 01:09:21
           
  Konkurranse menn        
1 Geir Steig Luster Il/La Sportiva Menn Senior 32:18:00
2 Simen Teigum Slettede Skjåk IL Menn Senior 35:30:00
3 Thomas Øyberg Brøttum IL Veteran Menn 40-44 36:04:00
4 Hans Bårdløkken Lalm IL Menn Senior 37:22:00
5 Are Berstad Norconsult BIL Menn Senior 40:24:00
6 Anders Raastad Nordherad Nedoverbakkelag Veteran Menn 35-39 42:24:00
7 Ole Granum Bratt og Kjeitt IL Menn Senior 43:48:00
8 Ove Furuheim Lesjaverk Veteran Menn 50-54 47:17:00
9 Inge Sundal Hvitås Kjølsdalen IL Veteran Menn 40-44 48:19:00
10 Geir Ove Skjåk LOM Veteran menn 55-59 48:37:00
11 Torstein Vollen Heidal IL Veteran Menn 45-49 52:27:00
12 Grim Henrik Fallingen Bratt og Kjeit IL Veteran Menn 35-39 01:01:16
13 Ola Ramstad Jr Fåberg Veteran Menn 40-44 00:00
           
  Trimklasse        
0 Elin Berger Elverum Trimklasse 01:19:18
0 Tiril Morken Gartland Skjåk IL Trimklasse Barn 01:09:40
0 Anne Bjørg Gartland Skjåk IL Trimklasse 46:17:00
0 Kristin Halla Brøttum IL Trimklasse 53:10:00
0 Emma Høsteng-Haugen Skjåk Trimklasse 01:27:21
0 Magdalene Mathiesen Skjåk Trimklasse 01:07:09
0 Oddny Nornes   Trimklasse 01:15:08
0 Anne Henriette Paulsen Skjåk IL Trimklasse 01:12:39
0 Oksana Rostovska Skjåk IL Trimklasse 01:20:08
0 Elin Sanfridssons Herrljunga Trimklasse 57:18:00
0 Lisbeth Sveen Sørskogbygda Trimklasse 01:35:55
0 Linda Sæterlid Sotra Trimklasse 01:02:31
0 Margit Teigen Skjåk IL Trimklasse Barn 01:12:22
0 Sondre Bøye Skjåk il Trimklasse 48:25:00
0 Vetle Morken Gartland Skjåk IL Trimklasse 47:51:00
0 Kjetil Magnar Guddal Senadrott Motbakkelag Søre Sunnmøre. Trimklasse 01:21:39
0 Eilev Halla-Øyberg Brøttum IL Trimklasse Barn 00:00
0 Kenneth Kluften DNT Trimklasse 55:42:00
0 Pablo Morales Hånsnar Skjåk IL Trimklasse 02:00:17
0 Torfinn Morales Hånsnar Skjåk IL Trimklasse Barn 02:00:23
0 Artem Rostovskyi Skjåk IL Trimklasse 01:07:06
0 Johannes Taraldsrud Skjåk IL Trimklasse Barn 01:19:27
0 Tor Taraldsrud Skjåk IL Trimklasse 01:19:28
0 Erland Vigstad Skjåk IL Trimklasse Barn 01:10:01
           
  FUPP Light        
0 Margrethe Morken Bøye   FUPP LIGHT 00:00
0 Isalill  Morken Bøye   FUPP Light Barn 00:00
0 Gjendine Morken Bøye   FUPP Light Barn 00:00
0 Ask Morken-Bøye Skjåk FUPP Light Barn 00:00