Alle foto Anne Jenny Dvergsdal
Dei tre brødrene Bugge frå Eidsvåg IL sette sitt preg på toppen av resultatlista i herreklassa. Johan ( sjå ingressfoto ) vann på ny løyperekord 44,45 nesten minuttet raskare enn sin eigen rekord frå 2010 i den 7 km lange løypa med 1.100m stigning . Øyvind Heiberg Sundby , IK Tjalve på 2. plass var 14 sek bak Johan Bugge. Dei to var i særklasse. Øyvind Bugge på 3. plass var over 3 min bak Heiberg Sundby. Yngstemann Anders i Bugge-trioen er i klasse 14-15 år, men vart nr. 6 totalt med tida 52,37. Om resultatlista hadde vorte aldersjustert ,så ville nok også 52-åringen Magnor Rypdal, Isfjorden IL vore på topp med tida 51,35. Magnor vart nr 4 totalt.
Sjå fullstendig resultatliste på www.mefjelletopp.no

Johan Bugge, Eidsvåg IL.
Johan og dei øvrige deltakarane sprang med svart sørgeband som markering etter den ufattelege tragedien som skjedde i Oslo og på Utøya . Arrangøren hadde ei vanskeleg vurdering , men valde å arrangere løpet. Før starten i konkurranseklassa var det eit minutt stillheit .

May Britt Buer, Gular, vann dameklassa på tida 53,02 som er 1 min. 41 sek bak løyperekorden til Anita Håkenstad Eversten , Øystre Slidre IL, frå 2010.

Therese Sjursen, BFG Fana vart nr. 2 i dameklassa med tida 56,50. Therese og May Britt var i særklasse. Ned til Mathea Gjeitnes på 3 pl var det over 12 min.

Magnor Rypdal, Isfjorden IL er 52 år men vart likevel nr. 4 totalt med tida 51.35. Magnor burde ta turen til VM i motbakkeløp for Veteraner i 2012, der er han ein kandidat til det øverste trinnet på premiepallen..

Internasjonalt i Mefjellet Opp. Martin Reyt frå Frankrike kom i mål på tida 53,52 på 9pl. totalt i herreklassa.

Kjetil Dyrvik, Voss IL vann kl. 45-49år og vart nr. 7 totalt på 52,54. Raskaste dame May Britt Buer ligg rett bak og avstanden på 8 sek vart den same i mål.

Iver Mathias Linge Glomnes, Valldal IL, kom under ein time og vart nr. 3 i kl. 14-15år med tida 59,28