I NM terrengløp sist helg var situasjonen ein annan. Da tok Idland sølv og Gebreysus kom på niandeplass, 24 sekund bak Gjesdal-løparen. Det vekte likevel ein del misnøye i Skjalg-leiren at Gebreysus ikkje vart teken ut til å springe på førstelaget til Rogaland i stafetten i NM terreng. Dabayaa Gebreysus kjem frå Somalia, men har vori med i Skjalg-miljøet sia 2002. I vinter har han trena bra, og langdistansemiljøet i klubben er vorti forsterka av at Knut Erik Rame, Kjetil Gjøvåg og Bernt Eltervåg har meldt seg inn. Bersevatnet Rundt har ein heller kupert trasé på grusvegar i Bjerkreim, og løpet gjekk i år i flott vårvêr. Bak Gebreysus og Idland følgde Risa-brørne Svein Ove og Jarle. Kvinneklassen vart vunnen av Katja Palm Løvslett, som òg spring for Skjalg. |
Dabayaa Gebreysus slo Trond Idland i Bersevatnet Rundt
Berre 21 år gamle Dabayaa Gebreysus overraska med å springe frå Trond Idland i det 5,5 km lange Bersevatnet Rundt sundag 17. april. Gebreysus som spring for Skjalg, vann på 17.17 og var 5 sekund framføre langt meir meritterte Idland.
(Foto: Jan Billy Aas)
(Foto: Jan Billy Aas)
Siste medlemssaker
Annonse