Ørsdalen halvmaraton er ikkje av dei lettaste der den snor seg opp og ned dalføret, for ein stor del på grusvegar. Det var difor ein sterk prestasjon av OSI-jenta Anne Jorunn Hodne å vinne på 1.25.40. Svein Ove Risa som i fjor sprang halvmaraton på 1.09.31, vann herreklassen på 1.15.56. Løpet gjekk sundag 26. juni.
Ørsdalen halvmaraton vart i år arrangert for fjerde gong, og i alt var det med 30 løparar - 6 kvinner og 24 menn. Løpet går frå bryggja på Vassbø og heile Ørsdalen opp til Bjordal. Der er det vendemål, og ein spring same veg attende, halvt om halvt på asfalt og grus. Starten ligg 65 m over havet og høgste punktet er over 200 m over havet. Så her er høve til naturoppleving prioritert framføre høvet til å sette personlege rekordar. Arrangør er friidrettsgruppa i Bjerkreim IL.
Løypa i Ørsdalen er ikkje kontrollmålt. Svein Ove Risa slo den eit år gamle løyperekorden til Roar Eie med eit drygt minutt.