Eivind Jensen er 800 og 1500 m-løpar medan Sindre Buraas sysler med langrenn om vinteren. Begge viste seg å vera sterke terrengløparar. I stafetten dagen etterpå fekk Buraas ein slags revansje. Da var det hans tur til å komma bakfrå og spurte inn til siger i kamp mot mange av dei beste seniorane. Eivind Jensen har trent ein del med Henrik Sandstad i Steinkjer, og han kunne stadfeste at dei hadde "avtala" at han sjølv skulle ta medalje i junior-NM medan Henrik skulle klare EM-kravet på maraton i London. Og det såg ut til at dei hadde inspirert kvarandre. Resultat menn junior 2 km Les meir om Sindre Buraas sin sterke innsats på Romerikssidene | ||||
Jonas Legernes og Lars Bakke i duell om bronsemedalje | ||||
|
Da Eivind Jensen snytte Sindre Buraas for sigeren
Juniorløpet hadde ein klar favoritt, og lenge såg det ut til at Sindre Buraas skulle vinne greitt. Men mot slutten tok leiinga til krympe, og 70 m frå mål var Eivind Jensen ajour og forbi. Og etter det rivande spurtoppgjeret var det Steinkjer-guten som kunne juble.
Siste medlemssaker
Annonse