- Feltet i Tyskland var bra! Vi var 11 som stilte til start, og Sylvia Kibet fra Kenya var sterkaste løpar med ei vinnertid på 8.52,53. Eg kom inn på ein 6. plass og sprang på 9.12,07. Persa meg med 17 sekund frå i fjor innandørs! Eg er kjempefornøgd og gler meg allereie til grandprix-stemnet i Birmingham neste helg, skriv Kristine Eikrem Engeset på si eiga heimeside.
Alle resultat frå stemnet IAAF-reportasje frå Düsseldorf-stemnet |
Sterk 3000 m av Kristine Eikrem Engeset i Düsseldorf
Det vart sjetteplass og 9.12,07 på Kristine Eikrem Engeset i eit innandørsstemne i Düsseldorf i Tyskland 8. februar. Tida er ei forbetring av persen med 17 sekund og berre sekundet svakare enn utandørspersen. Ingrid Kristiansen, Grete Waitz og Gunhild Halle Haugen er dei einaste norske som nokon gong har sprungi fortare.
Siste medlemssaker
Annonse