11 forsøkskaniner hadde takka JA til invitasjonen om å bruke 3 dagar frå 19. - 21. sept. til å teste løypene til neste års Vøringsfoss-race med 3 motbakkefjelløp på 3 dagar. Tilsaman 42 km med over 3000 m opp og 1000 m ned i fjella rundt Eidfjord.
Eidfjord i Hardanger vil ikkje berre bli med på oppturen for motbakke-fjelløpa i Noreg, men også det fyrste arrangementet som både som har 3 løp på 3 dagar og OPPOVERBAKKAR og NEDOVERBAKKAR. Dette konseptet måtte eg berre teste ut og sa JA til å stille opp som testløpar saman med 10 andre. Arrangementet i år 19. - 21. sept. hadde status som eit testløp for å få testa ut løypetraseane og arrangementet før storsatsinga neste år. Det vart 3 praktfulle dagar opp 3 ulike dalar, opp fossar, over fjell og ned til Fossli som var mål kvar dag.
Stor stemning på premieutdelinga der alle fekk ei kasse med Hardangerepler ! Dessutan får alle tilsendt ei Vøringsfoss-race-T-skjorte som blir målsydd til oss 11 som deltok.
Frå venstre mot høgre:
Karl David Stakseng, Eidfjord. Mai-Britt Buer. Harding IL. Torgils Bu, Bergen.
Eli Torild Hellansjø Bu, Bergen. Frode Vittersø, Tønsberg.
Håvard Boge, Eidfjord ( f. 1993). Britt Thorstensen, Bamble
Liv Oddny Tveit, Eidfjord og Christian Prestegård , Oslo.
( Rolf Jensen og Knut Arne Vinge , Eidfjord måtte dra før premieutdelinga, men du finn dei på det siste bildet )
May Britt Buer, IL Harding var i ein særklasse den beste løparen som stilte opp. I sommar vart ho nr. 6 totalt i Skåla 1848m rett opp på tida 1.37 og berre ei veke etter dei tre løpa i Vøringsfoss-race vart ho sist helg nr. 3 totalt i Stoltzekleiven Opp på tida 11.01. Ho var berre 7 sekundar frå å vinne. Dei 7 sekundane la ho nok att i det ekstreme 3- dagars fjelløpet i Eidfjord som vart avslutta berre 6 dagar tidlegare. May Britt sprang dei 3 løpa med ei samanlagttid på 5 timar og 18 min. som var 41 min raskare enn nr. 1 i herreklassa. Dessutan sprang May Britt mellom 5 og 10 min for langt dag 1 pga. dårleg løypemerking. Arrangøren hadde ein svært så bratt og positiv læringskurve etter dei to fyrste løpa med ein del feilløping pga. av manglande løypemerking. Den siste dagen viste dei korleis løypemerkinga skal gjerast med sikt frå det eine merkebandet til det neste heile løypa i gjennom ! Neste år er eg trygg på at ingen vil springe feil pga. mangelfull løypemerking. Men ein kan aldri være heilt trygg ! Det fekk eg erfare dag to då eg leia herreklassa med over 2 min etter 4 km flat-løping innover dalen. Eg kom til eit kryss der det var dobbelmerka til venstre med band på begge sider av ein brei turveg. Det som hadde skjedd var at nokon hadde kutta av eit heildekkane sperreband og dermed laga merkebank på begge sider av feil veg. Eg skulle ha teke stien opp til høgre.
Heldigvis stoppa eg etter omlag 150 meter då eg ikkje fann fleire merkeband og sprang tilbake og fann rett sti. Foto Christian Prestegård
Frå Målstreken ved Fossli Hotel kan du sjå rett ned i Vøringsfossen som har eit totalt fall på 182 meter. Foto Christian Prestegård
Dette bildet av alle 11 som deltok og fullførte alle 3 løpa vart teke etter målpassering dag 2. Frå venstre mot høgre:
Liv Oddny Tveit, Eidfjord. Karl David Stakseng, Eidfjord. Torgils Bu, Bergen.
Eli Torild Hellansjø Bu, Bergen. Rolf Jensen, Eidfjord; Christian Prestegård , Oslo.
Mai-Britt Buer. Harding IL. Frode Vittersø, Tønsberg. Britt Thorstensen, Bamble.
Karl David Stakseng. Håvard Boge, Eidfjord ( f. 1993)
15-åringen Håvard Boge frå Eidfjord til høgre på bildet var den raskaste av alle menn. Han fekk samanlagt tida 5 t. 59 min. 28 sek og var med det 1 min og 46 sek raskare enn Kondis.no's utsendte. Håvard kunne springe fort i ulendt terreng og unnabakkar og vann på det. Sjølv var eg fyrste mann til topps opp dei bratte lange bakkane i alle løpa, men tapte mykje i dei ulendte unnabakkane ned mot Fossli.
Til neste år har eg gjeve arrangøren det rådet at dag 2 har mål på toppen vest for Fossli med panorama-utsyn rett ned i Vøringsfossen. Det einaste dei 3 løpa mangla , etter mitt syn, er at eit av dei to siste løpa gjekk OPP på ein TOPP for å få 360 graders utsyn og vidsyn over den praktfulle naturen. Destinasjon Eidfjord ønskjer jo å bruke dette arrangementet til å vise fram den flotte naturen i Eidfjord rundt Vøringsfossen. For meg var det nytt å springe nede i dalar og dalsøkk også oppe på fjella utan å kome heilt TIL TOPPS !
Til slutt vil eg få takke alle deltakarene og heile arrangørstaben for ei sosial og minnerik helg som gav meirsmak. .