Ny norsk U23-rekord på 5000 m innandørs av Silje Fjørtoft
Silje Fjørtoft har denne helga deltatt i Conference USA i Houston, Texas. Der sprang ho 5000 m fredag og vann på den sterke tida 16.19,42 som er ny pers innandørs, ny banerekord, ny meisterskapsrekord og ny norsk U23-rekord. Laurdag stilte ho òg opp på 1 mile (1609 m) og tok ein fin andreplass med tida 4.50,73.
Silje Fjørtoft sprang 5000 meteren i stafettsko, men vann likevel med 17 sekund. Tida er berre 1 hundredel bak utandørspersen hennar. Den gamle innandørspersen var på 16.37,18. Silje vart kåra til den beste kvinnlege utøvaren i den to dagar lange meisterskapen.