Av Lill Sørensen Opningstempoet var hardt, men Silje hong med, og da det danna seg ei tetgruppe på tre, var Silje ei av dei. Trass i den høge utgangsfarten, hadde Silje litt meir på lager. Ho la seg i tet og vann med 2 sekund til nummer to, Lisa Galaviz. 9.56,73 er klart under kravet til U23-EM i Litauen i juli. Med tanke på at det er tidleg i utandørssesongen, var Silje godt fornøgd med løpet.
Alle resultat Video av løpet Reportasje hos SMU |
Sterk hindersiger til Silje Fjørtoft
Silje Fjørtoft sesongdebuterte på 3000 m hinder under Standford Invite i Califoria fredag 27. mars. I mål var ho først av dei 36 jentene som sprang hinder. Tida på 9.56,73 var berre sekundet bak persen til den 21 år gamle USA-studenten.
Nå med video av løpet
Nå med video av løpet
Siste medlemssaker
Annonse