Antonella Confortola (biletet) og Jonathan Craig Wyatt vann årets Nuten Opp i Rosendal. Confortola forbetra sin eigen løyperekord frå 2008 med 50 sekund. På andreplassane kom May Britt Buer og Sammy Kirui. Det var 90 deltakarar i konkurranseklassen og 87 i trimklassen.
Jonathan Wyatt, verdsmeister i motbakkeløp frå New Zealand, var førstemann til toppen i år for tredje år på rad. Sjølv om tida 36.06 var eit halvt minutt etter løyperekorden hans frå i fjor var han godt nøygd med løpet. No går turen for Craig og ektefelle Confortola vidare til Loen og Skåla opp.
Sammy Kirui leia løpet første kilometeren, men vart henta inn av Wyatt når dei bratte motbakkane begynte.
Arne Post vart nr. 3
Terje Aggvin frå Varaldsøy rett utanfor Rosendal, vart nr 4.
Thomas Vestbø vart nr 5 totalt
Ezekiel Cheriyot vart nr 6
Vegar Hattestad Jensen vart nr 7
Erlend Drivenes vart nr 9 og vann klasse 17-19 år.
Antonella Confortola er eigentleg langrennsløpar, men tek gjerne eit motbakkeløp som sommartrening. Også i fjor var ho i Rosendal og tok sigeren, men i år var tida 50 sekund betre enn sist.
May Britt Buer vart nr 2 på 44:47. Bak skimtar vi Ole Petter Soltvedt som vann klasse 40-49 år.
Harald Hauso vart nr 2 i klasse 40-49 år.
Mats Mjøs Andersen vart nr 11 i klasse 20-39 år.
Thomas Netland, nr 3 i klasse 15-16 år.
Frode Johansen
Jonas Michalsen Tveit
Miriam Berg Hovda var tredje dame til toppen med 50:02.
Marit Årthun var fjerde dame med 50:30. Ho vann klasse 40-49 år.
Skjalg Duesund vann klasse 60 år og eldre.
Solveig Steinsland vart nr 5. Vigdis Holst (nr 81) var 6.beste dame og den andre i klasse 40-49 år.
Camilla Grieg vart nr. 7.
Endre Edvardsdal
Anders Bennæs
Margunn Eik, nr 8.
Vita Petersone, nr 9
Barbro Sætha vart nr 12
Erling Birger Rosvold og Cathrine Haugland
Randi Kjøsnes
Louise Årthun Bergane, vinnar klasse 15-16 år.
Kristine Hovland, nr 2 klasse 15-16 år.
Kurt Raymond Jegteberg
Oddmund Roalkvam vann klasse 50-59 år og vart nr 8 totalt.
Vinnartrioen med dei første bakkane i Malmangernuten i bakgrunnen. Løypa opp var bratt med høge kliv, men ikkje vanskeleg, og trass i regn siste dagane var det ikkje særleg sleipt. Sjølve stien var godt merka, og litt meir merking av høgde og løypemeter er bestilt til neste år! Det var litt skodde som letta etter kvart, og temperatur og forhold elles var upåklagelege.
NutenOpp & diverse arrangement rundt løpet gav kr 5 500.- frå Rosendal FjellStreif til Jon Tvedt sitt minnefond, og bror og mor til Jon Tvedt var til stade og tok imot gåva.
Foto: Jan Ringheim (i løypa), Oddny Ringheim (start og premieutdeling).
Link til bruk på Facebook o.l.:
http://kondismirror.edbc.no/bilder/bergen/2009/Nutenopp.html