Løpet frå Vik til Bruvik på Osterøy er ikkje mellom dei største arrangementa, men har absolutt sin sjarm. 5 km-løypa på svingete asfaltveg langs Sørfjorden fekk mykje skryt av deltakarane.
Under oppvarminga var forholda svært gode for årstida, men då startskotet small fekk løparane ei heller kald regnbyge i fjeset.

Maratonløpar imponerte
Alemayehu Sitotaw la seg i rygg på førehandsfavoritten Bjarte Vik, men måtte sleppa like før 2 km-skiltet. Vareggløparen imponerte kanskje mest av alle med sterke 15.21 ei knapp veke etter at han sette ny personleg rekord i Amsterdam Maraton på 2.27.
Eliteløpet er 5046 meter, men med litt fall i løypa tilsvarar tidene mykje godt 5000m på bane.
Osterøyløparen Bjarte Vik braut målsnøret først med 14.49 etter eit jamnt løp innover Bruvikstranda. Det er 9 sekund betre enn årsbeste på bane.
- Bestetida mi i løpet er på 14.26 og i fjor hadde eg 14.43. Nokre sekund bak i år, men likevel ein opptur å avslutta sesongen med eit løp godt under 15 blank, seier Vik.
Den rutinerte milslukaren Kjetil Dyrvik frå Vossar held eit imponerande jamnt nivå, og avviste alle tilnærmingar frå 18-årige Andreas Varberg. Dyrvik vart klokka inn på 16.09 og Varberg på 16.19.
- 15 sekund betre enn banetida mi på 5000m i år. Junior-NM kravet er 16.30, og det bør eg klara før neste års junior-NM på Fana, meiner Andreas Varberg, som for eitt år sidan skifta ut fotballskorne med joggeskor.

Framtida sikra
I dameklassen tok Brit-Helen Simmenes ein oppskriftsmessig siger med 16.46 føre Annette Bru (18.43) og Eli Simmenes (21.00). Alle tre spring for arrangørklubben Osterøy IL:
Som vanleg tok speaker Arild Hjelvik på humoristisk vis imot løparane ved målseglet på Bruvik. Og som vanleg vart det arrangert barneløp i regi av Bruvik IL rundt handelslaget etter at alle løparane hadde kome i mål. Ein god del ungar avanserte frå barneløpet til deltaking i eliteløpet i år.
- Dermed skulle løpet vera sikra for framtida, slår tidtakar Vidar Simmenes fast.
Biletserie frå Osterøy IL


Barneløp høyrer med under det årlege arrangementet på Bruvik. Her er det dei under skulealder som gjer seg klar til ein runde rundt handelslaget i bygda.



Full innsats frå start. Denne gjengen sprang to rundar, tilsaman 600m.



Moromakaren Arild Hjelvik sørga for god stemning trass surt regnvêr.



Enkelte er meir avslappa enn andre rett før eit eliteløp!



Dei tre beste i herreklassen. Frå venstre Alemayehu Sitotaw, Bjarte Vik og Kjetil Dyrvik.



Eli Simmenes og Brit-Helen Simmenes, nr. 3 og nr. 1 i eliteløpet. Annette Bru vart nr. 2, men måtte springa avgarde på jobb før premieutdelinga.
Resultatliste Bjarte Viks Eliteløp
Bjarte Viks Eliteløp
22/10-05


14.49 Bjarte Vik.
15.21 Alemayehu Sitotaw.
16.09 Kjetil Dyrvik.
16.19 Andreas Varberg.
16.45 Brynjulf Vonen
17.18 Jørgen Ommedal
17.37 Terje Simmenes
17.43 Jeppe Holst
17.59 Jan R Solberg
18.13 Kåre Gunnarskog
19.59 Magne Vikne
20.55 Bjarte Vik Larsen
20.59 Jørgen Vevle
21.07 Birger Hanstvedt
23.29 Joar Vik Larsen
24.28 Jostein Hesjedal
24.28 Jan Hesjedal
25.08 Knut Andreas Lone
36.40 Robert Ramsdal

16.46 Brit-Helen Simmenes.
18.43 Anette Bru.
21.00 Eli Simmenes.
21.53 Norunn Vik Larsen.
23.40 Angunn T Mjøs.
24.18 Ann Chr. Reigstad
25.17 Jorunn Hermansen
29.51 Veronica Olsnes


Sjå også heimesida til Osterøy IL

Takk til Bjarte Vik og Vidar Simmenes for bilete og tekstar.