Vignett-kondiskommentaren.jpgDette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5–​2025


Merkeleg nok lyste akkurat dei same tala mot meg òg morgonen etter. Den intuitive assosiasjonen min var begge morgonane den same. 6.33 var tala for eit av dei mange Bibel-versa vi vart pålagt å pugge under kveldsandakten i heimen. Matteus 6.33. Med det same eg såg på klokka visste eg kva som stod der – på bokmål – utan å slå opp: «Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal dere få alt det andre i tillegg.» 

Ikkje så lenge før dei to 6.33-morgonane hadde eg kommi over eit sitat frå J. R. R. Tolkien: «All we have to decide is what to do with the time that is given us.» Alt vi treng å bestemme oss for, er kva vi skal gjera med den tida vi har fått. 

Bonusglede

Av einkvan grunn vart dei to sitata kopla saman i hovudet mitt. Det det handlar om, er å finne ut kva som er viktig, og bruker vi tida på det, vil vi få masse bonusglede. 

I idrettslivet ser vi det tydeleg. Dei som blir best, er som oftast dei som finn ut kva som er viktig og gjer det. I staden for å tenkje på tilleggseffektar som sponsorar, pengar, heider og kjendisliv, konsentrerer dei som om hovudtinga – trene godt, eta nok og kvile mellom slaga.

Som Pål Gunnar Mikkelsplass ein gong sa om tilvêret som langrennsløpar: «Me arbeidde hardt, åt gødt, trena mykje og sakna ikkje noko.»

Har vi ein misjon, veit vi kva vi vil bruke tida på. Dermed blir det lite tid til å keie seg, synast synd på seg sjølv eller finne på tull. 

Storverk

For fine ting blir ikkje til av seg sjølv. Bak store kunstverk står nokon som har dedikert livet sitt til å skapa kunst. Bak store idrettsprestasjonar finn vi folk som har lagt sjela si i å få det til. Talentet var der, men likevel kom det ikkje av seg sjølv for verken Hans Rotmo eller Oddvar Brå. Dei gjekk heilhjarta inn i det, for å skapa storverk i studio og løype. 

Og så får vi tru at dei fekk mykje anna attåt. At dei kjente seg signa og fekk i retur ein heil del av den gleda dei gav andre ved sjølv å gjera sitt beste. 

Så treng vi ikkje å vera på verken Rotmo- eller Brå-nivå for å skapa noko av verdi for både oss sjølv og dei vi har ikring oss. Det kan vera eldsjela som møter opp og dirigerer Kondistreninga kvar tysdag uansett vêr og føre, eller ho som heiar der ingen andre heiar, eller samlar saman søppelet som løparane kasta ifrå seg i maratonløypa. 

Eg veit verken korfor 6.33 lyste imot meg to morgonar på rad, eller korfor eg fekk den assosiasjonen tala gav meg. Men eg bestemte meg for å ta den med meg vidare, som ei lita påminning om å bruke den tida eg har fått, òg dei dagane eg vaknar til heilt andre tidspunkt.  

Omtrent parallelt med barndommens memorering av Bibel-vers lærte eg òg Matteus 6.33 gjennom å høyre på ein gospelsong av Charlotte Höglund. Nokre år seinare fekk eg gleda av å intervjue henne for musikkbladet Treff som eg frilansa for før eg byrja i Kondis. Songen hennar byrja slik: 

Gör dig inga bekymmer för din morgondag. 
Se på fåglarna under himlen, se på liljorna på marken.  
Gör dig inga bekymmer för din morgondag.
Jag vet ju alt va du behöver. 
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.