Ekstremsport i Ville Vesten
Overskrifta er loddrett lygn. Eller betre: Vassrett lygn. Minnesota er ikkje Ville Vesten, og maraton er ikkje ekstremsport. Det veit alle som les Kondis. Ekstremsport vert det likevel når far min sprang Twin Cities Marathon veka etter 82-årsdagen.
Av Øyvind Watne
Min far Otto Watne har hatt ei stutt maratonkarriere. Han debuterte som 80-åring i New York for to år sidan. I fjor sprang vi i lag i Berlin; rekkefølgja av løpa inspirerte av Leonard Cohen: First we take Manhattan, then we take Berlin. Neste løpsmål måtte vi finne sjølv.
Tilliks med dei fleste nordmenn har vi slekt i USA. Nokre av dei har vore flittige gjestar hjå oss. Kvart besøk har enda med ein hjarteleg invitasjon til gjenvisitt i Minnesota. Slik vart Twin Cities Marathon, gjennom tvillingbyane Minneapolis og St. Paul, eit naturleg val.
Ingen av turoperatørane har opplegg for dette løpet, så dette måtte vi ordne sjølv. Påmelding via internett gjekk lett, vi fekk skriftleg stadfesting på påmeldinga i posten. Flybillett tur/retur via Island vart ganske rimeleg.
Det norske Amerika
Turen vart ei festreise frå start til mål. Det seies at ein har ikkje så nær slekt som den ein har i Amerika, og det fekk vi oppleve. Tremenningar til far min og eigne firmenningar kjentes svært nære, og dei stelte framifrå for oss. Det var stort for dei å få besøk frå Norge, ikkje minst at vi skulle løpe TCM. Vertskapet vårt sytte for intervju i lokalpressa. Vinklinga vart amerikansk: Maple Grove couple hosts Norwegian Marathon Runners. Osseo Press som skreiv artikkelen hadde fått invitasjon frå arrangøren til å dekke løpet, men var ikkje interessert i det. Dermed fekk verten vår presseakrediteringa, og den gjorde han nytte av!
TCM hadde i år 7090 fullførande deltakarar. Når det gjeld merksemd i byen var timinga uheldig: Twins spelte avgjerande kamper mot New York Yankees i World Series i baseball same helga. Dette bisarre spelet er stort i USA.
Men det er også maratonløping. Stor, flott utstilling, pastaparty. Vår vert med pressekort lurte oss inn på pressekonferansen med favorittane. Etter at dei hadde gjort greie for sine målsetjingar, vart pappa overraskande kalla fram av løpsleiar Dan Finanger (med røter i Nord-Trøndelag), og fekk fortelje dei frammøtte om sine forventingar til løpet. Vi fekk aldri vite om noko av dette kom på fjernsyn, det drukna vel i baseball.
Dagen før køyrde vi gjennom løypa med ein av slektningane våre. (Han var sjølv ein stor idrettsmann i ein annan bisarr amerikansk sport, drag-racing, og hadde nyleg vunne ein større nasjonal konkurranse i si klasse.) Da vi køyrde rundt, kom han til deler av Minneapolis som han aldri hadde vore i før, sjølv om han hadde budd der heile livet. Det er noko vi maratonløparar veit: Vi får sjå mykje undervegs.
............................................................
.............................................................
Les hele artikkelen i KONDIS!
Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Januarnummeret 2004
ÅRGANG 2004
KONDISARKIVET
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!

Siste medlemssaker
Annonse