Endeleg spring Susanne i medvind
Susanne Wigene har verkeleg fått opp farten i sommar. Etter solide rekordar på både 3000 og 5000 m er ho blitt den desidert beste langdistanseløparen på bane i Noreg i dag. I Heusden i Belgia var ho like bak OL-kravet på 5000 m da ho persa med mest 40 sekund og sprang på 15.12,47. Det er berre tre norske jenter som nokon gong har sprungi fortare.
Av Kristin Roset
Haugesundsjenta er òg fersk Noregsmeister på favorittdistansen 5000 meter. Under NM i Florø knuste ho all motstand og sprang i einsam majestet i mål på tida 15.59,64. Ho var over halvminuttet framfor neste jente på distansen.
Susanne har i år overraska både seg sjølv og andre, for dei siste åra har ikkje bydd på dei aller største gledene på løpebana.
Frå nedtur til opptur
- Nei, eg har hatt nokre tunge stunder som løpar. At det no endeleg går min veg, er eit resultat av mykje trening og ikkje minst gleda av å springe. Etter min beste sesong i 1999 gjekk det dessverre berre nedover åra etterpå. Med flytting til Oslo, skifting av trenar og lengre opphald i Kenya fekk kroppen min for mykje. Reaksjonen blei ein tung og sliten kropp. Ingenting fungerte i åra 2001 og 2002. Eg var nære på å legge opp i ein periode, men fekk lysta tilbake etter kvart. I fjor fekk eg Knut Kvalheim som trenar, og etter det har det berre gått rette vegen. Han er ein utruleg motiverande, men tøff trenar, smiler Susanne.
Allsidig
Susanne kjem frå Haugesund, og budde der til ho var ferdig med vidaregåande skule. Ho fekk snusen på friidrett allereie som seks-åring då ho følgde bror Svein Inge på trening.
- Eg synest det såg spennande ut, og begynte å konkurrere med eingong eg fekk lov. Utanom løpinga deltok eg i både høgde og lengde fram til eg var 14-15 år. I tillegg spelte eg handball til eg var 13 år. Seinare blei det meir fokus på løping. Haugesund Idrettslag har eit godt miljø, og eg hadde svært gode treningsforhold til eg flytta til Oslo etter vidaregåande, fortel Susanne.
Noregs sprekaste lærar
Til dagleg arbeider Susanne som klassestyrar for 3. klasse på Linnerud skule. Ho stortrivest som lærar, men det har til tide vore tøft å kombinere toppidretten og arbeid.
Dei første åra var det mykje å sette seg inn i, og det store ansvaret eg fekk var noko nytt for meg. Det siste året har det gått mykje betre, og eg er tryggare på meg sjølv og arbeidsoppgåvene mine.
Susanne fortel om det å kombinere toppidrett og fulltidsarbeid, og det er ikkje vanskeleg å forstå at kvardagen er hardt pressa.
..........................................................
............................................................
Les hele artikkelen i KONDIS!
Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Septembernummeret 2004
ÅRGANG 2004
KONDISARKIVET
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!

Siste medlemssaker
Annonse