So vart det vinter på Vinterkarusellen denne sesongen òg. Tysdag 24. februar sette ein god trimgjeng avgarde i det sjette karuselløpet for sesongen. Snøen låg kvit på bøane rundtom, og gradestokken synte fire minusgrader. Det var herleg godt vintervèr. Men det var både salta og strøtt med sand på idrettsparken, so forholda for trimløp var fine. På den delen av løypa som går langs riksvegen, var det litt is somme stader.

Sjølv om det ikkje alltid var so lett å få feste, so var tidene jamt over bra. Ein ny personleg rekord i år vart det også denne kvelden; det var Torill Gjerde som persa etter eit fint løp. Det var også to nye påmeldte denne gangen, som ikkje har vore med før i år. Mange hadde ein fin trimtur i den fine januarkvelden.

Av rasarane var det Øystein Wigestrand som kom fyrst. Han er elev ved Framnes Kristne Vdg. Skule i Vikøy, og trenar mykje springing. Etter han kom stabile John Olav Måge. Vidare fylgde Bjørnar Sandnes Lillefosse og Lars Tveitnes. Bjørnar har vunne dei fleste karuselløpa denne sesongen, men valde å ta det litt rolegare denne kvelden, sidan han er inne i ein svært hard treningsperiode no. Blant jentene var det Eline Sandnes Lillefosse som kom fyrst, føre løpsveninna Kjersti K Vågen. Også ho kjem frå Vikøy.

Det var mange fine prestasjonar, bl.a. av den superspreke veteranen John Svahn, og «the coming man» Kjell Martin Fugleberg. Kjell Martin byrja å trene i haust, og er no komen i god form. Etter løpet var det trekning på startnummer av dei populære gåvepremiane. Energioposane var det omastrendingane Oddvar Hjertaker og Beate Viken som vann. Vinterkarusell-tskjorta vann Liv Berit Bru Eide. Hovudpremien på femhundre kroner til bruk på Mo Sport i Norheimsund, var det den raske trufaste vinterkarusellaren Bjørnar Sandnes Lillefosse som vann.

Dette var det sjette karuselløpet denne sesongen. Det er to løp att, der det fyrste går føre seg tysdag 14, februar kl 19.

Rapport ved: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL

Strandebarm Vinterkarusell
6. løp, 24. januar 2012
Arr.: Strandebarm IL

Resultater:

Torunn Baldersheim 31,55
Kjell Egil Berge 33,43
Ragnhild Brattli 38,50
Per Brekke 25,39
Valdemar Børresen 18,44
Anne Christin Børsheim 24,14
Samuel Børsheim 21,37
Anita Eide 38,50
Liv Berit Bru Eide 27,13
EmmaViken Espeland 44,04
Eline Sandnes Fosse 17,58
Knut Øystein Fosse 17,58
Magne Fosse 26,48
Kjell Martin Fugleberg 20,11
Lars Gjerde 24,38
Torill Gjerde 24,38
Reidun Samland Gravdal 24,13
Inger Marie Hanstveit 20,30
Marie Hauge 20,42 Solveig Hauge 27,07
Oddvar Hjertaker 21,15
Sivert Håland 33,21
Vigdis Håland 25,24
Sander Klever 36,05
Herlaug Kvamsøy 22,01
Adrian Kåreid 34,54
Mette Lammedal 27,17
Turid Lid 22,41
Arthur Lillefosse 24,14
Bente Sandnes Lillefosse 31,54
Bjørnar Sandnes Lillefosse 17,47
Marit Linga 26,35
Karen Matthiessen 26,35
Grete Milje 25,26
John Olav Måge 15,28
Solveig Måge 42,35
Oddvar Skogasel 20,25
Celina Skogvoll 23,24
Jessica Skogvoll 33,07
John Svahn 18,50
Arvid Tangerås 22,20
Irene Tangerås 21,48
Alvhild Tveitnes 37,03
Lars Tveitnes 17,51
Anne Christine Viken 44,04
Beate Viken 44,04
Kjersti K Vågen 18,36
Øystein Wigestrand 14,29
Adam Øygard 21,56