Fyrste løpet i årets Vinterkarusell gjekk unna i regnvèr tysdag 11. oktober. Det var eit stort
felt som stilte til start denne tysdagen. Alle deltakarane i karusellen startar no samstundes klokka 19.
Start og mål er ved Strandebarm Idrettspark, og det er fine garderobefasilitetar på staden. Det var mange trufaste karuselldeltakarar på plass. Men det er gledeleg at det var ein heil del nye folk med også.

Det deltok utøvarar frå Øystese til Hatlestrand. Karusellen har for vane å samle mykje folk frå mange bygder.
I Vinterkarusellen er hovudvekta lagt på trim og mosjon.

Resultatlistene vert sorterte alfabetisk, og det er greitt for den einskildee å halde oversikt over innsatsen sin. Av dei som deltok for å springe fort, var det Håvard Drivenes som var raskast med 14.02. Han er no heime på haustferie, og ladar nok opp mot ein ny skisesong. Bak han fylgde Ove Måge. Lars Tveitnes viste også solid form, med å komme like bak Ove`n i mål. Torild Kveberg er den mestvinnande kvinna i Vinterkarusellen. Denne kvelden var ho igjen raskast blant kvinnene, føre Inger Marie Hanstveit og Turid Lid.

Det er mange born med på Vinterkarusellen. Dei fer gjennom den fire kilometer lange løypa med stor iver og glede. Blant dei som deltok for fyrste gong var søskena Trym og Tuva, saman med mamma Lene Tørvik. Tore Tellevik debuterte også i karusellen med eit flott løp blant mennene.

Klokka 1940 er det fast trekking av premiar på startnummer. Vebjørn Kveberg Opsanger, som har sprunge Vinterkarusellen sidan han var heilt liten, vann den fine t-skjorta med vinterkarusellmotiv på. Hovudpremien som er eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund, vart vunnen av John Olav Måge. Skismurning kan høve bra for John Olav no sidan vintersesongen står for døra for denne aktive langrennaren.

Deltakarane var svært flinke med å bruke refleksvest. Arrangøren oppmodar alle deltakarar til å bruke vest. Då vert ein godt synleg for trafikken. Ein god del av løypa går langs riksvegen, so refleks er heilt naudsynt. Neste karuselløp vert tysdag 1. november klokka 19. Alle er vel møtt!

Rapport: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL

Strandebarm Vinterkarusell 2011-12
1. løp, 11. oktober 2011
Arr.: Strandebarm IL

Resultater (alfabetisk):

Nr Førnamn Etternamn Tid
54 Per Eivind Austefjord 25,10
19 Kjell Egil Berge 17,21
58 May Britt Birkenes 38,08
30 Berit Brinkbo 24,00
42 Terje Brurok 15,47
46 Samuel Børsheim 21,22
49 Hans Arne Børsheim 21,27
48 Anne Christin Børsheim 24,01
43 Håvard Drivenes 14,02
57 Liv Berit Bru Eide 23,24
39 Kjell Martin Fugleberg 20,56
25 Lars Gjerde 19,26
6 Reidun Samland Gravdal 26,54
14 Helge Hansen 18,28
5 Inger Marie Hanstveit 19,45
40 Grete Hjertaker 24,23
13 Christian Hordvik 19,45
44 Sivert Håland 27,23
45 Vigdis Håland 28,41
41 Torgrim Kolltveit 17,09
4 Herlaug Kvamsøy 21,41
17 Torild Kveberg 17,24
10 Kjetil Lammedal 17,39
8 Mette Lammedal 26,03
11 Jørgen Lammedal 30,00
9 Øystein Lammedal 31,54
15 Turid Lid 22,12
33 Marit Linga 26,54
3 Arthur Llillefosse 23,44
7 Helge Lysen 17,00
32 Karen Matthiessen 26,54
51 Kåre Milje 23,40
52 Grete Milje 23,40
2 Ove Måge 14,45
50 John Olav Måge 15,41
20 Sondre Svåsand Måge 32,48
21 Amalie Svåsand Måge 33,12
23 Lars Måge 33,12
1 Solveig Måge 41,03
31 Liv Nærnes 26,17
29 Finn Ove M Oma 18,48
27 Lars Mundheim Oma 21,03
26 Even Mundheim Oma 26,41
28 Annhild Oma 26,41
16 Vebjørn Kveberg Opsanger 16,38
18 Einar Opsanger 18,02
36 Trym Sandven 42,24
37 Tuva Sandven 42,24
34 Oddvar Skogasel 19,18
22 Silje Svåsand 33,12
59 Arvid Tangerås 18,40
55 Tove Kambo Tangerås 26,18
56 Irene Tangerås 26,18
24 Tore Tellevik 16,37
53 Lars Tveitnes 14,49
35 Alvhild Tveitnes 36,33
38 Lene Tørvik 42,24