Marie Veslestaul (29) frå Øyfjell er den einaste kvinna som har fullført det som blir omtala som den hardaste triatlonkonkurransen i verda, Norseman, fem gonger. Den eine gongen var ho til og med gravid i fjerde månad.

 


Av Anne Sofie Tresland

 


– Å bevege seg når ein er gravid er ikkje farleg, slår Marie Veslestaul fast med overtyding.

For to og eit halvt år sidan blei ho mor til Sakarias. Alt før han blei fødd, hadde han vore med på mange harde treningsøkter og konkurransar. Tri veker før han kom til, deltok han på Nyttårstrimmen i Skien. Då sprang mamma dei 9,2 kilometrane på 52 minuttar, ei tid som var mykje betre enn det mange ikkje-gravide greidde.

Seks og ein halv månad på veg sprang ho halvmaraton i Amsterdam på 1 time og 50 minuttar. Men den største kraftprestasjonen var då ho fullførte den kan hende hardaste eindagskonkurransen i verda, Norseman. Ho sumde inn Hardangerfjorden, sykla over Hardangervidda og sprang opp på Gaustatoppen og greidde tidskravet. Det ho ikkje visste på det tidspunktet, var at ho var gravid. Tri og ein halv månad på veg.

– Eg syntest nok det gjekk litt tungt. Eg fekk liksom ingen energi ut av maten, mimrar ho i ettertid.

I kanonform med kolikkunge

Så kom vesle Sakarias til verda, frisk og sprek, men sterkt plaga av kolikk. I fire månadar til endes grein han.

– Han laga mykje lyd, ja.

Einaste gongene han ikkje hugskreik, var når han blei skuva i vogn ute på klaka, pløygd jorde. Til alle døgnets tider var Marie ute og trilla. Elles hjelpte det også litt å slå på støvsugaren, minnest ho om den strevsame barselstida.

Likevel – triatleten blei ikkje utkøyrd. Snarare tvert om.

- Etterpå var eg i kanonform – fysisk sett. Då var eg sterk, altså. Det heile dreia seg nok om kor utruleg god form eg var i som gravid, poengterer ho.

Same året som gutungen kom til verda, tok ho fjerdeplass i NM langdistansetriatlon, og ho kom på tredjeplass både i NM olympisk distanse og i Norseman-konkurransen.

Marie ser på seg sjølv som svært heldig som var i så god form, og tillet seg å setje spørjeteikn ved at så mange komande mødrer blir sjukemelde medan dei går gravide.

– Korleis jobben er, må sjølvsagt avgjera, men det er slett ikkje sikkert at det som krev fysisk aktivitet er uheldig. Eg vil tru at om du har vore fysisk aktiv, vil du stille mykje sterkare for å greie ein fødsel og ein eventuell kolikkperiode. Eg meiner sjølvsagt ikkje at dei som ikkje har trena før, bør starte med det, men om ein blir sjukemeldt, bør ein i alle fall ta seg tid til å gå ein tur kvar dag, er rådet hennar.

«Mange bryt på dårlege dagar, men det er ikkje meg. Det er då vel akkurat det same om eg blir nummer 8 eller 24!»

For eit par månader sidan fullførte ho sin tiande ironmandistanse. Berre eit par-tri andre kvinner i landet kan skryte av å ha gjort det same. I Challenge Barcelona blei det ikkje noko toppresultat, men likevel var det ei god oppleving for øyfjelldama. Sjølv om ho hadde ein del motgang undervegs, som at ho tok feil av løypa, og innsåg at det ikkje vil bli noko strålande plassering, tenkte ho aldri på å bryte.

– Det blei bare koselegare og koselegare uti løpet. Publikum heia, og løparane hadde omsorg for kvarandre. Det er då faktisk bare ein liten promille av befolkninga som gjennomfører noko slikt, reflekterer ho, nøgd med å ha stått det spanske løpet ut.

– Mange bryt på dårlege dagar, men det er ikkje meg. Det er då akkurat det same om eg blir nummer 8 eller nummer 24. Dessutan trur eg ein blir mentalt sterkare av å ha ein ballast av dårlege dagar i bagasjen – om eg ein dag skulle lykkast fullt ut. Men om eg berre har lykkast med næring og fart, og at eg har nådd mine eigne mål, kan det vera ein vellykka dag likevel, understrekar idrettsutøvaren.

Frå ski til triatlon

Den aller fyste ironmandistansen ho gjennomførte var Norseman i 2005. Den som trur ho hadde rusta seg godt med mykje trening på førehand, må tru om att. Symjing starta ho med i mai same året. Og det lengste ho hadde sprunge samanhengande, var 17 kilometer. Men ho lika å gå på ski, noko ho alltid har gjort. Men heller ikkje i den greina konkurrerte ho før i 2004. 23 år gamal starta ho med å gå 10-kilometeren i noregsmeisterskapen på ski på Lillehammer. Der kom ho på nest siste plass.

– Men eg var fornøgd, det var pers for meg. Nokon skreiv etterpå at eg ikkje hadde dagen, men meg hadde dei ikkje spurt. Eg var tilfreds eg – nokon må ha dei plassane òg. Eg tenkjer: Så bra at me er der.

Typisk Marie, vil dei som kjenner henne seie. Marie i eit netaskal. Marie som har ein stor lidenskap for idrett, men som byrja seint. Difor blei det inga skikarriere.

«Så sykla eg nå der og sparte og sparte på kreftene og lura på kva tid eg kom til Rosinbakken. Eg fann aldri ut kvar han var. Ja, ja tenkte eg etterpå, dette var då ikkje så ille.»

Var så triatlon eit medvete satsingsval? Nei. Det heile starta med at ho melde seg på og sykla rittet Odda-Bø. Etter å ha gjennomført lura ho: Kva er det dei kraunar for her, då? Neste konkurranse ho melde seg på var Birkebeinerrittet. Der hadde ho høyrt at ein måtte spare krefter til den mykje omtalte Rosinbakken.

– Så sykla eg nå der og sparte og sparte på kreftene og lura på kva tid eg kom til Rosinbakken. Eg fann aldri ut kvar han var. Ja, ja tenkte eg etterpå, dette var då ikkje så ille.

Slik var Marie sitt møte med det store sykkelløpet. Og det var etter å ha gjennomført dette at ein av dei andre medlemene av Vinje sykkelklubb, Harald Rishovd, foreslo for henne å delta i Norseman.

– Ja, ja – det kan eg vel prøve på, tenkte eg.

Ho sette seg eit mål ho meinte var realistisk; å fullføre under 18 timar. Dagen kom, og ho hoppa i Hardangerfjorden. Ho rekna med å bruke to timar inn til Eidfjord, men kom til land etter halvannan time. Også på sykkelrittet gjorde ho det bra.

– Her i Vest-Telemark er me vande med bakkar. Eg har sykla mykje opp og ned blant anna mellom Åmot og Dalen, forklarar ho prestasjonen med.

Alt gjekk så uendeleg mykje betre enn det ho hadde førestilt seg.

– Eg sykla forbi folk, og eg sprang forbi dei. Den kjensla eg hadde då eg kom til mål kan knapt beskrivast. Faktisk så er det den beste konkurransen eg har vore med på, fordi det gjekk så mykje betre enn det eg hadde trudd.

Sluttida blei 15 timar og 15 minuttar.

Treningsglede

Marie Veslestaul kan neppe kallast treningsnarkoman. I år, til dømes, har ho i gjennomsnitt trena kring seks timar i veka.

– Det er veldig lite, og mange av konkurrentane mine både spring og sym mykje meir enn meg. Men eg periodiserer treninga og girar opp framfor sesongen.

Treningsgleda lyser frå triatleten når ho medgjev at ho likar å vera i rørsle. Det står til truande.

No om dagen driv ho ein del styrketrening og motbakkeintervall saman med Sakarias. Den store karen på kring 14 kilo set ho i beremeisen, og dermed har ho kring 18 kilo last å trene med. Elles er toppturar, anten det gjeld Vealøs eller Vehuskjeringi, også ynda treningsturar.

29-åringen arbeider til dagleg som lærar i Lårdal og bur heime på Veslestaul i Øyfjell. Men ho er også mykje i Skien der kjærasten hennar bur. Paal Hårek Stranheim er også triatlet, og blir for øvrig rekna som oppfinnaren av Norseman-konkurransen.

Marie Veslestaul snakkar ikkje gjerne om treningsmetodar, heller om det å vera i rørsle til dagleg. Ho integrerer treninga i kvardagslivet. Når ho er i Øyfjell, er ho mykje i fjøset heime hjå foreldra Tora og Kåre Veslestaul. Dei som har sett henne hive silofôr til geitene, oppfattar at ho brukar det som ei treningsøkt.

– Før eg fekk Sakarias arbeidde eg endå meir på garden. Då var det å stå opp klokka seks til tri timars fjøsstell, før eg reiste ut på annan jobb. Om kvelden var det ei par timars økt i fjøset att. Då går det i eitt, smiler ho, og slår fast at evna til å halde ut har ho fått frå gardsarbeidet.

– Kroppsarbeidet gjer deg nødvendigvis ikkje så rask, men det gjev deg ei god evne til å halde ut, poengterer ho.

Idrettsutøvaren tenkjer på seg sjølv som heldig som er i stand til å gjera det ho gjer, at ho har ein kropp som ber henne, og at det å vera ute gjev henne energi.

- Eg likar å kjenne blodpumpa slå. Det gjer meg lykkeleg, påstår ho smilande.

Supporter papa

Ho karakteriserer far sin som den største supporteren. Under konkurransane tenkjer ho at det er foreldra si forteneste at ho kjem seg til mål denne gongen også.

Det er nok syklist ho eigentleg er, trur ho. Konkurransane inneheld oftast fire rundar, og då er det runde nummer tri ho opplever som den største kneika.

– Den runden dediserer eg ofte til papa – han fortener jo at eg held fram, seier ho.

Han er god å ha i mange samanhengar. For eksempel om våren når Marie legg ut på sin fyrste lange sykkeltur. Den går til Rauland, Arabygdi og Edland og ned att E134.

– Då har det hendt at eg har gått tom for krefter i Åmot og må ringje etter assistanse. Papa, kan du koma og hente meg?

– Avbrekk gjev energi

Triatleten presiserer at ho ikkje meiner at folk skal hive seg inn i hardtrening, men peikar på den daglege energien ho sjølv får ved til dømes å gå tur med bikkja, springe ein motbakke eller renne på rattkjelke. Det gjer godt for helse og hovud.

– Om eg spring med bikkja, så spring eg med bikkja – om det så berre er eit kvarter. Det er så definert. Det er berre det eg skal gjera, springe med bikkja. Då tenkjer ein ikkje på oppvasken, på jobben, eller planlegg kva ein skal ha på nista neste dag. Det er så utruleg deileg. Fleire burde ta det vesle avbrekket i kvardagen. Helsemessig trur eg ein får betalt for det i ettertid, seier ho.

Sjølv blir ho stressa, sur og gretten når ho ikkje får trena, og vedgår at ho er litt avhengig av endorfinane som blir utskilde ved fysisk aktivitet.

– Eg er nok lettare å ha med å gjera om eg berre får ein femten minuttars dose med avbrekk, meiner ho.

Arva gardsseigheiten

At den vaksne øyfjelldama lykkast så godt i den krevjande idrettsgreina, trur ho kan ha å gjera med det ho omtalar som ein gardsseigheit, som ho mellom andre kan ha arva etter bestemor si, Åse Veslestaul, som døydde i fjor, 98 år gamal. Å halde på med geiter var noko av livet hennar, og ho var faktisk med på Dyrsku’n også siste året ho levde.

– Besta var seig som ein siljukvist. Ho syntest det var galskap å springe slik som meg, men me liknar nok likevel veldig mykje på kvarandre.

Om fjorten dagar er galskapen i full gang. Då spring Marie Veslestaul rundt og rundt på Bislett i eitt døgn. Målet er flest mogeleg rundar. Ei form for meditasjon, kallar ho det.

Bli Kondismedlem! Les alle artikler i 9 kondisjonerte blader hvert år
KONDISbladet nr.9
KONDIS-Årgang 2010
KONDISarkivet  (se oversikt over alt Kondis-innhold siden 1999, og les mange smakebiter)