Det var i år som tidlegare mange slitne og fornøgde deltakarar å finne i fjellet. Arrangøren Xtremeidfjord hadde i år 138 sprekingar frå fleire nasjonar til start. Og i år som tidlegare år var de mange kjente fjes som kom til Eidfjord for det som skulle vise seg å verte ein strabasiøs dag.
Ulikt Vestlandet så gjekk både start og målgang utan ei sky på himmelen, og solsteiken gav deltakarane endå ein ting å kjempe mot for å kome seg i mål. Men deltakarane stod på og storkosa seg i solsteiken, sjølv om meir enn ein kommenterte etter målgang at det var nå tyngre å kome seg rundt i år.

Xtremeidfjord er ein frivillig organisasjon og det er lagt ned ein stor dugnadsinnsats av eit fantastisk crew. Dei frivillige i crewet gjer det mogleg å arrangere løpet og har skapt ryktet for bilde fjes, entusiastisk heiing, og god stemning.
Løpsleiar Tor Larssen Sekse vart og tipsa av fleire deltakarar om ein hyttenabo som hadde «rigga til dusj» med hageslangen og sett fram vatn til slitne og tyste deltakarar i solsteiken. Arrangøren set umåteleg stor pris på slike initiativ for å gjere opplevinga endrå meir unik, og løpsleiar såg seg saktens men nøydd til å springe ut for å dele ut litt stæsj som takk for innsatsen.
Det er ingen stor butikk å arrangere slike løp, men pengar er ikkje i fokus for foreininga. Xtremeidfjord ynskjer å setje Hardanger og Eidfjord på kartet og samtidig skapa gode opplevingar for livet for deltakarar og crew.
- Me er takksame for god hjelp frå meir og mindre lokale firma og organisasjonar som sponsar oss slik at me kan drive løpa på ein god måte. Me har også med oss Vekselbanken som hovudsponsor og tittelsponsor Dynafit / Vertical Playground som leverte klær til crew og finisher skjorter til løparane. Dette er me veldig takksame for, avsluttar løpsleiaren.


Ultra 95 km menn - ti beste:
Plass | Navn | Bib | Finish |
---|---|---|---|
1 | Even Leivestad Sverdrup | 59 | 12:28:20 |
2 | Håkon Hovland | 42 | 13:11:54 |
3 | Ronny Børsheim | 3 | 13:21:36 |
4 | Odd Kåre Hatleskog | 62 | 14:11:13 |
5 | Fredrik Fjose | 52 | 14:26:57 |
6 | Gisle Njaastad | 2 | 14:31:46 |
7 | Ola Esten Røssum | 57 | 14:53:03 |
8 | Atle Bråthen | 47 | 15:26:38 |
9 | Tore Forthun | 7 | 15:27:27 |
10 | Lars Middelthon | 11 | 15:45:22 |
Ultra 95 km kvinner:
Plass | Navn | Bib | Finish |
---|---|---|---|
1 | Tonje Wathne | 54 | 15:21:07 |
2 | Eli Berentzen | 48 | 15:26:39 |
3 | Ida Marie Ellingsen | 35 | 17:36:30 |
4 | Ida Brødholt Kirkerud | 32 | 20:43:04 |
5 | Julie Lendengen Mæhle | 29 | 20:59:22 |
6 | Tea Næss | 30 | 21:03:11 |


34 km menn - ti beste:
Plass | Navn | Bib | Finish |
---|---|---|---|
1 | Preben Aase | 195 | 3:23:09 |
2 | Henning Tjøstheim | 187 | 3:26:35 |
3 | Jon Ivar M Djønne | 165 | 3:48:20 |
4 | Aleksander Skålevik | 189 | 3:58:41 |
5 | Olav Vikøren Espenes | 200 | 4:03:44 |
6 | Arne Andre Vetrhus | 173 | 4:03:44 |
7 | Rasmus Helgøy Vetrhus | 176 | 4:05:21 |
8 | Leon Kjelland | 114 | 4:08:21 |
9 | Per-Arne Ferner | 101 | 4:22:15 |
10 | Andre Kvalem | 188 | 4:24:39 |

34 km kvinner - ti beste:
Plass | Navn | Bib | Finish |
---|---|---|---|
1 | Veslemøy Rønnevik | 134 | 4:47:21 |
2 | Anne Kvåle Bergesen | 131 | 4:47:53 |
3 | Silje-Kathrine Syvertsen Schrødahl | 104 | 4:50:42 |
4 | Juni Hordvik | 162 | 5:04:17 |
5 | Silje Sørheim Bjøru | 119 | 5:05:58 |
6 | Mia Foss Birkeland | 163 | 5:28:49 |
7 | Tilde Martinsen | 127 | 5:45:55 |
8 | Elizabeth Gatti | 186 | 5:47:11 |
9 | Gro Tufte | 179 | 6:11:51 |
10 | Mie Kastet | 125 | 6:21:57 |