Stemninga var på topp, ver og føre var bra. Nissen var på plass med twist og klementinar. I tillegg ordna arrangørdamene med saft, gløgg og peparkaker. Løpet samla deltakarar frå heile Kvam.

Ingressbildet: Ann-Kristin Mykkeltvedt, Nissen og Kjell Egil Berge etter målgang på julaløpet. (Trykk på bildet for større utgåve)

Det var opplettsver og fleire varmegrader då flokken la i veg rundt på Strandebarm Idrettspark. Løypa gjekk som vanleg ut til Børsheim og attende, til saman fire kilometer. Det var fleire som sette ny personleg rekord også denne kvelden. Magne Fosse var ein av dei. Ny pers vart det også på m.a. Bodil Stranden, Karen Matthiessen og Marit Linga. Torild Kveberg var, som så mange gongar før, den raskaste kvinna. Bak fylgde Irene Tangerås, Eline Sandnes Fosse og Hilde Brekke Kolltveit.

Fotballspelaren Endre Ove Brenne deltok for fyrste gong denne sesongen. Han spurta saman med Ove Måge inn på tida 14,05. Kjappast blant gutta var Bjørnar Sandnes Lillefosse på 12,26.

Etter løpet var det trekking av gåvepremiar. To energiposar med refleks, energidrikk o.a. vart som vanleg trekte fyrst. Denne gongen hadde også ein marsipangris snike seg nedi posane. Vinnarar vart Embrik Børresen og Hilde Brekke Kolltveit. To løparar som har sprunge fort på karusellen i haust. T-skjorta med vinterkarusellmotiv vart vunnen av Lars Tveitnes. Hovudpremien på kr 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund vart vunnen av den trufaste veteranen Turid Lid frå Øystese.  


Det er mange born med på karusellen. Desse deltek med liv og lyst, og humøret er på topp og innsatsen er super. Elles er det folk i alle aldrar. Det er kjekt å kome saman og mosjonere i lag. Vinterkarusellen er for alle uansett nivå og ambisjonar.

No tek Vinterkarusellen julaferie til tysdag 7. januar. Friidrettsgruppa ynskjer deltakarar og alle andre ei god fredfull jul.

VINTERKARUSELL STRANDEBARM 2013 – 2014
Resultater løp nr. 4. den 17. desember 2013

 

Bjørnar Sandnes Lillefosse 12,26
Ove Måge 14,05
Endre Ove Brenne 14,05
Vebjørn Kveberg Opsanger 14,34
John Olav Måge 14,43
Knut Øystein Fosse 14,46
Embrik Børresen 16,36
Lars Tveitnes 16,47
Lars Mundheim Oma 16,48
Torild Kveberg 16,59
Einar Opsanger 17,19
Kjell Egil Berge 17,55
Irene Tangerås 18,04
Eline Sandnes Fosse 18,18
John Svahn 18,24
Samuel Børsheim 18,46
Valdemar Børresen 18,50
Adam Øygard 18,54
Hilde Brekke Kolltveit 18,59
Oddvar Hjertaker 19,03
Frode Espeland 19,15
Arvid Tangerås 19,20
Rita Gjerde 19,45
Wilhelm Riise 20,48
Oddvar Skogasel 20,49
Celina Skogvoll 20,56
Monica Skogvoll 20,56
Magne Fosse 20,57
Ketil Karlsen 21,05
Liv Berit Bru Eide 21,12
Preben Ekerhovd 22,09
Maria Øygard 22,28
Victoria Berge 22,29
Herlaug Kvamsøy 22,29
Sondre Svåsand Måge 22,43
Amalie Svåsand Måge 22,57
Lars Måge 22,57
Anne Christin Børsheim 23,04
Olav Laupsa 23,45
Paulina Misinyte 24,25
Arthur Lillefosse 24,34
Marit Linga 24,47
Karen Matthiessen 24,47
Bodil Stranden 25,12
Sunniva Berge 25,22
Elisabeth Skogasel 25,23
Ann-Marie Engevik 25,36
Grete Hjertaker 25,57
Maria Sundfjord Markus 26,01
Åse Sandnes Fosse 26,10
Asbjørn Skogasel 26,53
Eifrid Konstance Ekerhovd 27,02
Renate Bakkely 27,04
Trine Handal 27,27
Hanna Øygard 28,39
Tore Neteland 28,39
Silje Svåsand 29,26
Sunniva Kjosås Riise 30,59
Gunnar Mundheim 31,16
Emma Viken Espeland 32,27
Ingunn Riise 32,27
Frida Riise 32,27
Anne Christine Viken 32,30
Beate Viken 34,23
Turid Lid 36,36
Ann-Kristin Mykkeltvedt 36,47
Tanita Fredheim 39,53
Solveig Måge 40,18
Torunn Baldersheim 45,00