Robert Sørli gjorde unna mila på 33.02 medan kjærasten brukte ti minutt meir. Cathrin har sliti litt med ein hofteskade i det siste, men vann med god margin sjølv om ho ikkje er i sin beste form. På halvmaraton sprang Tom Roger Tangen svært bra og vann på tida 1.14.37. Det var han positivt overraska over sidan han har sykla mykje i det siste: - Tida var litt svakare enn i fjor, men eg er eigentleg godt nøgd. Etter Vefsntråkket sist helg var eg stokk stiv i mange dagar, og eg har berre drivi restitusjon den siste veka. Difor var det artig å få til ei såpass god tid, uttalte Tangen til Helgeland Arbeiderblad etter løpet. Kvinner halvmaraton hadde berre to deltakarar, og raskast var Ann Sissel Vehus frå Vinne i Verdal som sprang på 1.33.39. På heilmaraton var kvinneklassen tom for folk, men på herresida fullførte seks mann, og først i mål var ultraspesialist Eiolf Eivindsen på 2.55.56. Alle resultat Reportasje i Helgeland Arbeiderblad | ||||
Tunge skyer over starten | ||||
| ||||
Sol over blomsterenga og Robert Sørli | ||||
|
Godt vêr og god deltaking i Alstahaug Maraton
355 sprekingar var med da Alstahaug Maraton vart arrangert 12. juni. Stort sett skein sola, og ein liten medvind gjorde forholda fine. Raskast på 10 km var sambuarparet Cathrin Gärtner og Robert Sørli som til vanleg bur i Oslo og spring for OSI. (Foto: Per Vikan)
Siste medlemssaker
Annonse