Ingressbiletet: Gulars rekordlag mottek gullmedaljar. Foto: Gisle Sellevold. Klikk på bildet for større utgåve.

Resultater 1000 m stafett
Resultater søndag 11. august

Resultater lørdag 10. august
Resultater fredag 9. august
Startliste
NMs nettside

Arne Hammersland og hans tre lagkameratar på IL Gular knuste nordisk rekord!
Fire karar i klasse 80 - 89 år sette ny, nordisk rekord med om lag 9 sekund. Sol, vindstille og eit lite, entusiastisk publikum. Fire gode løp og ny rekord. Kondis gratulerer IL Gular med nok ein rekord, no attpå nordisk. 
1. etappe 100 m: Harry Tvedt     2. etappe 200 m: Per Einar Sønnesyn      3. etappe 300 m: Håkon Tvedt    4. etappe 400 m: Arne Hamarsland
Fantastisk prestasjon! :-)

Om Arne Hamarsland frå wikipedia:

Arne Hamarsland (født 24. juli 1933) er en norsk tidligere friidrettsutøver, som spesialiserte seg på mellomdistanseløp. Han representerte IL Gular fra Bergen.

Hamarsland var OL-deltaker under 1960 med niendeplass på 1500 m. Han vant 8 titler under NM, fordelt på to på 800 m og seks på 1500 m i årene 1955 til 1963. Han mottok kongepokalen 1963 etter ny mesterskapsrekord på 1500 meter, drøyt fem sekund foran Einar Førde på sølvplass.[1]

Totalt 7 norske rekorder ble satt av Hamarsland. Tre på 1500 m, tre på 1 engelsk mil og en på 3000 m. Hans beste resultat på 1500 m, 3.39,8 i 1958 stod som norsk rekord i ti år og var også nordisk rekord. Beste resultat på 1 engensk mil var 4.00,8 var norsk rekord fra 1959 til 1967.

Mini-mini intervju med Arne Hamarsland:
Kondis: kvar er det viktigaste løpet for deg under desse tre NM-dagane?
Arne Hamarsland: Stafetten med mine lagkameratar i IL Gular er mitt hovudfokus.

Kondis: Kva betyr miljøet i Gular for deg?
Arne Hamarsland: Det er eit eit veldig godt treningsmiljø og me har det kjekt i lag.

Kondis: Kor mykje trenar du per i dag?
Arne Hamarsland: I utgangspunktet er det ei intervalløkt i veka og to treningar til i veka.

Kondis: Skal du vera med på 1500 m i morgon sundag?
Arne Hamarsland: Eg er påmeld på 400 m og 1500 m, men det blir vel berre 400 m.

Kondis: Men du veit vel at 6.26 er verdsrekord for din årsklasse på 1500 m?
Arne Hamarsland: (litt betenkt) - det har eg ikkje reflektert så mykje over....

Kondis takkar eit av våre aller største friidrettsnamn gjennom alle tider for intervjuet.
(Det var med ærefrykt me spurde helten om intervjuet).

DSCN4512.JPG
Marian Stenbakk, Moss IL var nr. 2 på 800 m og vann 3000 m på  Byrkjelo stadion i dag, laurdag..
Foto: Gisle Sellevold/Kondis

DSCN4483.JPG
To Veldre IL-jenter, treningsveninner kjempa hardt om å kome først i mål på 800 m. Nr 219 Oddbjørg Haakensveen i klasse 65-59 år og nr 220 Sigrun Økelsrud i klasse 55-59 år. Dei løp i same heat, men ikkje i same klasse. Sigrun løp på 3.02.21 og  Oddbjørg på 3.03.42. Foto: Gisle Sellevold/Kondis

DSCN4489.JPG
Vinnaren på 800 m, Harald Nygård flankert av nr 133 Aksel Øvsthus, Mjøsdalen IL og nr 30 Leif Reknes, Florø T&IF. Foto: Gisle Sellevold/Kondis

1000m_stafett_80_89.jpg
IL Gular med nordisk rekord! Kan me tru at desse fire, staute karane er i klassen 80-89 år? 1. etappe: Harry Tvedt   2. etappe: Per Einar Sønnesyn,  3. etappe: Håkon Tvedt   4. etappe: Arne Hamarsland.    Foto: Gisle Sellevold/Kondis

Flinke_stafett_damer.jpg
Av mange positive opplevingar i veteran-NM: Flott premieseremoni! Her m.a nr 28 Grete Maren Myklestad, Florø Turn og Idrettslag som vann 800 m i klasse 60-64 år. Foto: Gisle Sellevold/Kondis

gode_klemmar_grunn_for_medaljeinnsats.jpg
Inspirerte seiersklemmen på premiepodiet til medaljejakt? Misunneleg fotograf: Gisle Sellevold

DSCN4501.JPG
Gunnar Gaulen, AKS-77 vann 2000 m hinder på ei god tid i klasse 70-74 år. Vanngravspasseringane er kanskje ikkje heilt som for 20 år sidan for mannen som vart kåra som Årets veteranløpar av Kondis i 1997
Foto: Gisle Sellevold/Kondis